Christopher Hanssen Sødring

Christopher Hanssen Sødring (5. februar 178222. februar 1860) var ein dansk kjøpmann, gardbrukar og bryggerieigar som var norsk stortingsmann i 1818.

Christopher Hanssen Sødring
Fødd 5. februar 1782
Aarhus kommune
Død

22. februar 1860
Aalborg

Yrke politikar

Sødring var fødd ved Århus i Danmark, faren hans var kunstsnikkar. Sjølv vart han cand. theol. i 1805, og flytta omkring 1806 til Bergen, der han var kjøpmann og skipsreiar. I 1822 flytta han tilbake til Danmark og dreiv ein stor gard ved Vordingborg i ti år. Han kom så til Noreg att i 1832, dei neste seks åra var han gardbrukar på Tåsen i Aker i Akershus. Flytta på ny heim til Danmark i 1838, sidan var han bryggerieigar i Ålborg.

I 1818 var Sødring 4. representant frå Bergen på Stortinget. Han var medlem av elleve komitear, mellom dei var protokollkomiteen, gasje- og pensjonskomiteen og komiteen om brennevinsbrenning. Vidare var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Stockholm.

Sødring døydde i Ålborg i 1860.

KjelderEndra