Christopher Leegaard

Christopher Blom Leegaard (24. juli 18516. august 1921) var ein norsk lege frå Larvik, den fyrste nordmann med spesialistutdanning i nevrologi. Han var ein av dei aller fyrste som oppfatta poliomyelitt som ein smittsam sjukdom.

Christopher Leegaard

Fødd24. juli 1851
Skien kommune
Død6. august 1921
NasjonalitetNoreg
Yrkenevrolog, psykiater, lærar, lege
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnCaroline Leegaard

Liv og gjerning endre

Leegaard var son til ein distrikslege og tok sjølv medisinsk embetseksamen i 1876. 1877–79 var han tilsett lege ved jarnbaneanlegget omkring Larvik, samstundes som han dreiv privatpraksis. Hausten 1880 fekk han jobb som reservelege ved Rikshospitalet i Kristiania. 1883–84 sette han seg meir inn i nevrologi og elektroterapi ved tyske og fransk institusjonar, og tok i 1884 den medisinske doktorgraden med arbeidet Studier i Hjernens almindelige Pathologi. Frå 1885 styrte han avdelinga for elektroterapi ved Rikshospitalet.

Frå 1891 var Leegaard amtslege for Kristiania og frå 1895 overlege ved Rikshospitalet si avdeling for nervesjukdomar. Året etter vart han utnemnd til professor i nevrologi. Han viste stor interesse for korleis elektrisitet kunne verke på nervesystemet. Elles forska han på kva utslag infeksjonar kunne ha, særleg kva gjaldt poliomyelitt, ein sjukdom han tidleg oppfatta som smittsam. Han vann internasjonalt ry for sine pionerarbeid på feltet, så som Beretning om en epidemi af poliomyelitis anterior acuta i Bratsberg amt aar 1899, presentert i 1901, og etter omfattande undersøkingar det større arbeidet Kliniske og epidemiologiske undersøgelser over den akute poliomyelit i Norge med særlig hensyn til dens forekomst i 1905, lagt fram i 1909.

Leegaard var medlem av Den rettsmedisinske kommisjonen av 1900 og frå 1901 i Kontrollkommisjonen for Gaustad asyl.

År 1911 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sitt vitskaplege arbeid.

Kjelder endre