Churriguerastil
Churriguerastil eller churrigueresco er ein spansk arkitektur- og interiørstil under den spanske seinbarokken som er prega av innvikla og uttrykksfulle detaljar. Churriguerastilen voks fram som ei form for stukkornamentering i Spania på slutten av 1600-talet, og blei nytta fram til cirka 1750. Ein finn han typisk over hovudinngangen på fasaden til ein bygning.
Stilen har namn etter familien Churriguera frå Salamanca. Opphavet kan sporast til arkitekten og bilethoggaren Alonso Cano som teikna fasaden til domkyrkja i Granada i 1667.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Churriguerastil» frå Wikipedia på svensk, den 28. august 2022.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Toman, Rolf: Barock: arkitektur, skulptur, måleri, Könemann, Köln 1999, s. 100–105. ISBN 3–8290–3127–0. Libris 8319982.