Alonso Cano eller Alonzo Cano (19. februar 16013. september 1657) var ein spansk kunstmålar, arkitekt og bilethoggar.

Alonso Cano
Alonso Cano.jpg
Fødd 19. februar 1601
Granada
Død

3. september 1667
Granada

Yrke kunstmålar, arkitekt, bilethoggar

Cano var fødd i Granada. Han flytta til Sevilla, der han utdanna seg både til målar (som lærling av Francisco Pacheco) og bilethoggar (under Juan Martínez Montañés). Cano blei hoffmålar i Madrid og blei nytta til å laga fleire dekorative arbeid. Han var kjend for eit valdsamt temperament, og på grunn av dette og mistankar om drap på kona si måtte han ei tid halda seg unna hovudstaden. Cano arbeidde då i Valencia og andre stader.

Domkyrkjefasaden i Granada.

Han hamna til slutt i fødebyen Granada. Her blei han overbyggmeister for katedralen, der han skapte hovudfasaden i original barokkstil og for øvrig utsmykka bygningen med skulpturar og måleri. Cano utførte også Magdalenakirken i Granada. Som skulptør er Cano mest kjend gjennom sine kraftig modellerte og måla treskulpturar. Han blei likevel betre kjend som målar. Dei best kjende måleria hans er Madonna del Rozario i katedralen i Malaga og Den heilage Agnes i Berlin.


BileteEndra

Måleri

Skulpturar

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Alonso Cano