Cibin (tysk Zibin) er ei elv sentralt i Romania sør i Transilvania. Ho har utspring nær den høgaste fjelltoppen i Cindrelfjella (òg kalla Cibinfjella) i Dei sørlege Karpatane. Ho startar der dei to elvane Râul Mare og Râul Mic renn saman. Elva renn berre innanfor grensene til Sibiu fylke.

Cibin
elv
Cibin ved Gura Râului
Land  Romania
Nedslagsfelt 2 184 km²
Renn gjennom Sibiu
Lengd 82 km
Middelvassføring 14,7 /s
Kjelde Cindrelfjella
 •  høgd 2 000 moh.
Munning Olt
 •  høgd 380 moh.
Kart
Cibin
45°38′51″N 24°17′29″E / 45.6475°N 24.291388888889°E / 45.6475; 24.291388888889
Kart over Cibin
Kart over Cibin
Kart over Cibin
Wikimedia Commons: Cibin River

Ho er ei av dei viktigaste sideelvane til Olt, som ho munnar ut i nær Tălmaciu. Den totale lengda hennar er 82 km.

Elva dannar ei senking (Sibiusenkinga), der byen Sibiu ligg. Nær fjella renn elva gjennom område Mărginimea Sibiului, som er kjend for sterke rumenske tradisjonar.

Dei største sideelvane til Cibin er

Det er bygd ein dam i elva nær Gura Râului som vert nytta til vasskraftproduksjon og som er den største drikkevasskjelda til Sibiu.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Cibin River» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
      • Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
      • Trasee turistice - județul Sibiu [1]