Flimmerhår

(Omdirigert frå Cilier)

Flimmerhår (medisinsk latin cilia eller flagella) er organellar i form av små utløparar eller hår på overflata av visse celler. Dei er om lag 10 mikrometer og finst på nokre celler både hjå eukaryotar og prokaryotar. Alle dyr har flimmerhår, medan dei er uvanlege i plantar.

Mikroskopisk bilde av flimmerhår i lungene.
Oppbygging og funksjon hjå rørlege flimmerhår.

Det finst to typar flimmerhår: Rørlege og ikkje-rørlege flimmerhår. Rørlege flimmerhår kan flytta væsker eller partiklar over ein celleoverflate.

Eincella organismar kan nytta håra til å røra seg og til å ta til seg næring. Nematoder og artropodar har berre ikkje-rørlege flimmerhår.

Flimmerdyr eller infusjonsdyr (Ciliophora) er eincella organismar som er kledde med flimmerhår heile eller delar av livet.

Flimmerhår hjå menneske endre

Menneske har rørlege flimmerhår i epitelet i luftvegane og i eggleiarane. Det sit 200–300 flimmerhår på éi celle. Håra rører seg saman og kan dermed «feia» eit slimteppe av avfall, som døde celler eller infeksjonsceller, mot dei sentrale luftvegane slik at dei kan hostast ut. Flimmerhåra i eggleiarane fører eggceller frå eggstokkane mot livmora.

Sjukdom endre

Nedsett funksjon av flimmerhåra i luftvegane kan føra til stadige luftvegsinfeksjonr. Dette kan vera ein medfødd defekt (primær ciliær dyskinesi) eller vera ei følgje av røyking.

Bakgrunnsstoff endre

«flimmerhår» i Store norske leksikon, snl.no.

Kjelder endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.