Citi Zēni er eit latvisk poprap-band som vart skipa i 2020. Gruppa har seks medlemmar, og dei slapp debutalbumet sitt i 2021. Året etter vann Citi Zēni songtevlinga SupernovaLTV med låten «Eat Your Salad». Som følgje av sigeren fekk dei representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022.[1]

Citi Zēni

Aktiv2020–

Bakgrunn endre

Citi Zēni vart skipa i mars 2020 under ein låtskrivarleir i Riga.[2] Året etter, i 2021, gav bandet ut debutalbumet Suņi iziet ielās.[3] Namnet på bandet kan omsetjast til 'andre guttar', og bandet beskriv seg sjølv som eit «sekspersoners musikknummer frå Aust-Europa, som kjøpslår innan alternativ einhyrningspop».[4]

I 2022 var Citi Zēni blant deltakarane i Supernova, den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest. Der deltok dei med songen «Eat Your Salad».[5] Bandet gjekk vidare frå semifinalane og kvalifiserte seg til finalen 12. februar, der dei vann. Som følgje av sigeren fekk Citi Zēni representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[4] Dei deltok i den fyrste semifinale, men kvalifiserte seg ikkje til finalen etter å ha vorte nummer 14 i semifinalen.[6]

Diskografi endre

Album endre

  • 2021 – Suņi iziet ielās

Singlar endre

  • 2020 – «Vienmēr kavēju»
  • 2020 – «Parādi kas tas ir»
  • 2021 – «Suņi iziet ielās»
  • 2021 – «Skaistās kājas»
  • 2021 – «Limuzīns uz Krīta»
  • 2022 – «Eat Your Salad»
  • 2022 – «Lieka štuka»

Kjelder endre

  1. «What's on the menu in Latvia? Citi Zēni win 'Supernova'! 🇱🇻». Eurovision.tv (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 12. februar 2022. 
  2. Terry, Connor (4. februar 2022). «Citi Zēni: “Our aim is to make a hard topic easy to digest & fun to listen to.”» (på engelsk). Henta 12. februar 2022. 
  3. «"Citi zēni" releases debut album and single "Limousine on Crete"». World Today News (på engelsk). 28. oktober 2021. Henta 12. februar 2022. 
  4. 4,0 4,1 «What's on the menu in Latvia? Citi Zēni win 'Supernova'! 🇱🇻». Eurovision.tv (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 12. februar 2022. 
  5. «Latvia: Aminata and Markus Riva confirmed among the first 16 acts for Supernova 2022». wiwibloggs (på engelsk). 5. januar 2022. Henta 12. februar 2022. 
  6. «Citi Zēni - Latvia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.