Eat Your Salad

song frå 2022 med Citi Zēni
«Eat Your Salad»
Song av Citi Zēni

Land Latvia
Språk Engelsk
Utgjeve 13. januar 2022
Sjanger Elektropop, hiphop
Lengd 03:01
Selskap TCLV Records
Låtskrivar(ar) Roberts Memmēns, Jānis Pētersons, Dagnis Roziņš, Jānis Jačmenkins

«Eat Your Salad» ([norsk omsetjing] 'et salaten din') er ein latvisk elektropopsong med innslag av hiphop og funk frå 2022 med det latviske bandet Citi Zēni. Bandet har skrive songen sjølv, og songen vart gjeven ut 13. januar 2022. «Eat Your Salad» vann den latviske songtevlinga Supernova 2022 og var det latviske bidrag i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen endre

«Eat Your Salad» er ei hylling til kjøtfritt kosthald og økovennleg livsstil. Bandet skreiv songen for å «gjere eit vanskeleg tema enklare å fordøye og morosamt å lytte til».[1] Songen legg vekt på at det er «sexy å vere grøn», og teksta tek for seg det bandet sjølv gjer for å redusere sitt økologiske fotavtrykk på miljøet.[2]

«Eat Your Salad» inneheld ei rekkje seksuelle referansar, og opningslinja går: «Instead of meat, I eat veggies and pussy» (norsk 'i staden for kjøt, et eg grønsakar og fitte'). Men banning og grove ord er ikkje tillatne i Eurovision Song Contest,[3] og under framsyninga i den latviske finalen, og i Eurovision, hoppa bandet over ordet «pussy».[4]

Supernova og Eurovision Song Contest endre

Gruppa sende inn «Eat Your Salad» til den latviske songtavlinga Supernova 2022 i regi av LTV. Vinnaren av tevlinga fekk representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022.

Kringkasteren kunngjorde 5. januar 2022 at «Eat Your Salad» var blant bidraga i Supernova 2022.[5] Songen tok seg vidare frå semifinalen 5. februar og vann til slutt finalen 12. februar etter å ha vore favoritt hos både juryen og sjåarane.[6] Songen vart dimed det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Songen vart nummer 14 av 17 i den fyrste semifinalen, og han kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen.[7]

Allereie før den latviske finalen vart songen ein viral hit[8], og den låg på viral-topplister på Spotify i fleire land, blant anna i Noreg.[9]

Listeplasseringar endre

Liste (2022) Høgaste
plassering
  Litauen (AGATA)[10] 55

Kjelder endre

  1. Terry, Connor (4. februar 2022). «Citi Zēni: "Our aim is to make a hard topic easy to digest & fun to listen to."» (på engelsk). Henta 12. februar 2022. 
  2. «"Being green is sexy as f***" - Citi Zeni's "Eat Your Salad" depicts being eco-friendly as sexually desirable». wiwibloggs (på engelsk). 19. januar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  3. «[Censored] this: Explicit language at Eurovision». ESCXTRA.com (på engelsk). 19. januar 2018. Henta 5. mars 2022. 
  4. «Latvia Supernova 2022: Citi Zeni will sing "Eat Your Salad" at Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  5. «Iepazīsties ar «Supernovas» 16 pusfinālistiem! Vēl vienu dalībnieku izvēlēsies interneta balsojumā». www.lsm.lv (på latvisk). Henta 5. mars 2022. 
  6. «Citi Zēni has won Supernova 2022 and will represent Latvia in Turin!». escYOUnited (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  7. «Citi Zēni - Latvia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  8. newadmin (27. januar 2022). «One of Latvia's potential Eurovision songs is going viral for its WILD opening line». iRadio (på engelsk). Henta 5. mars 2022. 
  9. «Chartex». chartex.com. Henta 5. mars 2022. 
  10. «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20. mai 2022. Henta 20. mai 2022.