Civita
Civita er ein norsk borgarleg og liberal tankesmie som vart skipa i 2003.[1] Civita vert leidd av tidlegare Høgre-statsråd Kristin Clemet.
Civita | |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 985996520 | ||
Bransje | Tankesmie | ||
Skipa | 25. juni 2003 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Adm.dir. | Kristin Clemet | ||
Nettstad | https://civita.no (norsk), https://civita.no/information-in-english/ (engelsk) |
Føremål
endreCivita arbeider for å auka kunnskapen og oppslutnaden om liberale verdiar, institusjonar og løysingar. Dette gjer dei ved utgreiingar og analysar, deltaking i samfunnsdebatten, skolering og seminar.[2]
Virke
endreCivita gjennomfører årlege seminar i Oslo, og jamleg i Bergen og Trondheim elles. Oscarsborg-, Flesland- og Værnesseminaret er møteplassar som når ut til ideologisk interesserte unge menneske frå politikk og samfunnsliv. Seminara er idédebatt og dialog med føredrag og gruppediskusjonar. Civita-akademiet og Civita-skulen vert arrangert årleg.[3] Der bidreg forskarar og politikarar frå Noreg og utlandet til å klårgjera tema i politisk ideologi og filosofi.
Civita gjev også ut bøker, rapportar og notat, og er ofte aktuell i samfunnsdebatten knytt opp til liberalistiske verdiar igjennom avisoppslag og radio- og fjernsynsdebatt.
Aksjonærar
endreAksjeselskapet Civita er non-profit. Aksjonærar spenner frå privatpersonar til ulike selskap innan shipping, investering, holding og reiarlag, og dessutan ei rekkje arbeidsgjevarforeiningar.
Dei største aksjonærane er:[4]
- Næringslivets Hovedorganisasjon – 17 %
- Liberalt forskingsinstitutt – 15 %
- Norges Rederiforbund – 12 %
- Ferd Holding – 9 %
Kjelder
endre- ↑ Fjeldstad, Ulla Christensen; Garvik, Olav (25. januar 2023). «Civita». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Om Civita - Civita, den liberale tankesmien», Civita (på norsk bokmål), henta 28. desember 2023
- ↑ Civita-akademiet
- ↑ «Roller, aksjonærer og styresammensetning av Civita AS - Regnskapstall», www.regnskapstall.no, henta 28. desember 2023
- Denne artikkelen bygger på «Civita» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2023.