Le Havre
Le Havre er ein by i Normandie, nord i Frankrike ved Den engelske kanalen og munningen til Seinen. Han har eit folketal på om lag 190 000 innbyggjarar, medan storbyområdet i 1999 hadde 296 773 innbyggjarar.
Le Havre | |||||
---|---|---|---|---|---|
Utsyn over stranda i Le Havre og delar av den gjenoppbygde byen | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Departement |
Frankrike Normandie Seine-Maritime | ||||
Grunnlagd | 1517 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 46,95 km² | ||||
Flatevidd - By |
46,95 km² | ||||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik - Byområde |
190 905 4 066/km² 296 773 | ||||
Koordinatar | 49°30′0″N 0°7′12″E / 49.50000°N 0.12000°E | ||||
Høgd over havet | 0 m | ||||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 76351/76600, 76610, 76620 | ||||
Heimeside: Offisiell nettside | |||||
Plassering | |||||
Byen var anløpshamn for franske passasjerdamparar som gjekk over Atlanterhavet til USA, og byen vert derfor kalla «La Porte Océane». Han er den største byen i Normandie, føre Rouen, og den femte største eksporthamna i Frankrike.
Le Havre har vore på verdsarvlista til UNESCO sidan juli 2005. Byen har eit universitet og ein sterk sportskultur med «Le HAC», den eldste profesjonelle fotballklubben i Frankrike.
Administrasjon
endreLe Havre er ein kommune og sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-Maritime, som igjen er ein del av regionen Normandie Den noverande borgarmeisteren i Le Havre er Antoine Rufenacht.
Geografi
endreLe Havre ligg i nærleiken av byane Montivilliers, Harfleur, Gonfreville-l'Orcher. Elva Seinen skil Le Havre frå Honfleur. I aust ligg Pont de Normandie.
Historie
endreByen vart grunnlagd i 1517 med namnet Franciscopolis etter Francis I av Frankrike, og så omdøypt til Le Havre-de-Grâce («Nåden si hamn»). Le Havre tyder rett og slett «hamna». Byen vart bygd for å erstatte dei gamle hamnene i Honfleur og Harfleur, som det var vanskelegare å nytte på grunn av slamavleiring. Historia til byen er tett knytt til hamna. På 1700-talet byrja byen å vekse då handelen frå Vest-India til Frankrike og Europa auka i omfang. På 1800-talet vart byen eit industrisenter.
Byen vart øydelagd under Operasjon Overlord i Normandie under den andre verdskrigen. 5 000 menneske vart drepne, og 12 000 heimar vart totalskadd. Sentrum i byen vart bygd opp att i modernistisk stil av Auguste Perret.
Folk frå Le Havre
endre- Georges de Scudéry (1601–1667), dramatikar, lyrikar og romanforfattar
- Madeleine de Scudéry (1607–1701), forfattar
Bakgrunnsstoff
endre- Turisme
- Bilete av verdsarvbyen Le Havre Arkivert 2007-03-29 ved Wayback Machine.