Clement Attlee

britisk politikar

Clement Attlee (3. januar 18838. oktober 1967) var statsminister i Storbritannia frå 1945 til 1951. Trass i sin naturlege blygskap og den lakoniske talestilen hans, vann han ein jordskredsiger over Winston Churchill ved valet i 1945, rett etter at Churchill hadde leidd landet gjennom andre verdskrigen. Han var den første statsministeren frå Det britiske arbeidarpartiet Labour Party som fekk sitje ein heil parlamentsperiode, og den første som hadde fleirtal i nasjonalforsamlinga. Den regjeringa han leidde nasjonaliserte viktige industriar og tenester, og skapte ein britisk velferdsstat som i hovudsak vart godtatt av alle dei fremste partia i landet fram til Margaret Thatcher vart statsminister.

Clement Attlee

Fødd3. januar 1883
London Borough of Wandsworth, Putney
Død8. oktober 1967 (84 år)
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet britiske arbeidarpartiet
Yrkepolitikar, diplomat, professor
InstitusjonarLondon School of Economics
Utdanna vedUniversity College
City Law School
Haileybury and Imperial Service College
MorEllen Bravery Watson
FarHenry Attlee
EktefelleViolet Attlee
BarnJanet Helen Shipton, Felicity Ann Attlee, Martin Attlee, Alison Elizabeth Attlee
MedlemRoyal Society
Alle verv
  • britisk statsminister (1945–1951)
  • Storbritannias visestatsminister (1942–1945)
  • opposisjonsleder (1951–1955)
  • Leader of the Labour Party (1935–1955)
  • Deputy Leader of the Labour Party (1932–1935)
  • president for Det kongelige råd (1943–1945)
  • medlem av Overhuset (1956–1967)
  • Secretary of State for Dominion Affairs (1942–1943)
  • lordseglsbevarer (1940–1942)
  • kansler for Hertugdømmet Lancaster (1930–1931)
  • Medlem av Det kongelige råd (1935–)
  • member of the 41st Parliament of the United Kingdom (1955–1955)
  • member of the 40th Parliament of the United Kingdom (1951–1955)
  • member of the 39th Parliament of the United Kingdom (1950–1951)
  • member of the 38th Parliament of the United Kingdom (1945–1950)
  • member of the 37th Parliament of the United Kingdom (1935–1945)
  • member of the 36th Parliament of the United Kingdom (1931–1935)
  • medlem av Storbritannias 35. parlament (1929–1931)
  • medlem av Storbritannias 34. parlament (1924–1929)
  • medlem av Storbritannias 33. parlament (1923–1924)
  • medlem av Storbritannias 32. parlament (1922–1923)
  • Storbritannias forsvarsminister (1945–1946)
  • opposisjonsleder (1935–1940)
  • opposisjonsleder (1945–1945) Sjå dette på Wikidata
Statue av Clement Attlee.

Attlee vart fødd i Putney i London i ein middelklassefamilie, og utdanna jurist ved University College i Oxford. Han vart sosialist etter å ha arbeidd mellom slumbarn i aust-London. Men han lika ikkje velgjerdsarbeid blant dei fattige, han ville avskaffe fattigdomen. Han slutta seg til Independent Labour Party i 1908.

Attlee deltok i første verdskrigen, vart alvorleg såra og vart til slutt major. Han vart vald til ordførar i London-bydelen Stepney i 1919 og parlamentsmedlem for området i 1922.

Attlee var med i dei to første Labour-regjeringane, som statssekretær i forsvarsdepartementet i 1924, så som «kanslar for hertugdømmet Lancaster», det vil seie statsråd utan portefølje og sidan sjef for postvesenet frå 1929 til 1933. Han vart nestleiar i partiet medan George Lansbury var leiar på 1930-talet.

Attlee og Labour var mot den ettergivande appeasementpolitikken som dei konservative regjeringane førte overfor dei fascistiske diktatura til Mussolini og Hitler. Da Lansbury gjekk av som leiar i 1935, vart Attlee interimleiar til etter valet same året, da han vart vald til leiar i leiarskapsstriden etter valet. Han var leiar i partiet til 1955, til dags dato den lengste perioden nokon partileiar har sete.

I samlingsregjeringa under krigen spelte Attlee hovudrolla attmed Churchill, som visestatsminister og leiar for den sivile sida av krigspolitikken. Stor-sigeren i 1945-valet gjorde han til statsminister, og partiet hadde klare mål, blant anna nasjonalisering av viktige tenester og langdistansetransporten, og skapinga av den moderne velferdsstaten. India vart sjølvstendig, og britane trekte seg ut av Palestina. Attlee sin helseminister Aneurin Bevan kjempa mot det mektige lege-etablissementet, og skapte National Health Service, som enno består.

Labour heldt fram ved makta etter valet i 1950, men no med sterkt redusert parlamentsfleirtal. Dette kom ikkje på grunn av tilsvarande tilbakegang i talet på veljarar, men på grunn av tilfeldigheitene i den britiske valordninga med fleirtalsval i einmannskrinsar og at dei konservative hadde tatt ein del veljarar frå Det liberale partiet. I 1951 tapte Labour likevel fleirtalet, og Attlee leidde partiet i opposisjon til 1955, da han trekte seg tilbake frå underhuset og vart utnemnd til Lord. Han døydde i 1967.