Cliodhna Cussen (fødd i 1932 i Newcastle, vest i grevskapet Limerick) er ein irsk kunstnar, fyrst og fremst kjend som skulptør som har utført ei lang rad arbeid i stein og bronse.[1] Ho er og novelleforfattar og lyrikar.

Cliodhna Cussen
Statsborgarskap Irland
Fødd 18. september 1932
Newcastle West
Død

2. august 2022 (89 år)

Yrke bilethoggar
Ektefelle Pádraig Ó Snodaigh
Cliodhna Cussen på Commons

Familie endre

Cliodhna Cussen er gift med historikaren, forleggjaren og målaktivisten Pádraig Ó Snodaigh. Dei er busette i Howth rett nord for Dublin, og saman har dei seks søner. Aengus Ó Snodaigh er politikar og parlamentsrepresentant frå ein Dublinvalkrins for partiet Sinn Féin. Dei tre brørne Rónán Ó Snodaigh, Rossa Ó Snodaigh og Colm Ó Snodaigh spelar i det kjende folkemusikkinspirerte verdsmusikkbandet Kíla[2]. Dei to siste brørne, Cormac Ó Snodaigh og Feargus Ó Sodaigh har tidlegare drive eit sikringsfirma. Familien Ó Snodaigh er ein av dei mest kjende «kulturfamiliane» i Irland.[3]

Kunstnarleg arbeid endre

 
Cussen si framstilling av Saint Patrick i Máméan i Connemara.

Ho har skapt ei lang rad skulpturar i stein og bronse til torg og andre offentlege stader, til kyrkjefasadar og andre bygg. Mange av arbeida hennar er utførte på oppdrag frå ulike offentlege styresmakter og institusjonar. Eit av dei mest kjende arbeida står der Pearse Street møter College street i Dublin sentrum, like ved Trinity College Dublin. Dette høge steinmonumentet førestiller båtfortøyinga til Ivar Beinlause (794-872), som var kallenamnet på Ivar Ragnarsson, sonen til Ragnar Lodbrok. Ein periode var han konge av Dublin. Denne skulpturen vart plassert (1986) på staden der vikingane skal ha fortøygd langskipa sine[4]. Ho har og laga Who made the world-skulpturen i Ballsbridge (Dublin). I 1986 ferdigstilte ho ein statue av Saint Patrick (irsk Naomh Pádraig), fødd 385 eller 390, truleg avliden 461. Saint Patrick er den irske skytshelgenen, som har vore rekna for den som sette i gang kristninga av Irland. Skulpturen er plassert i Máméan i grevskapet Connemara, og framstiller Saint Patrick som ein sauegjetar med ein sau ved føtene.

Cussen har skrive novella «An Eochair» (lykillen)[5] som er ei fiksjonshistorie om ein kjend figur i irsk litteraturhistorie, og har publisert to diktsamlingar Sifíní (Jordbær) i 2001 og Turasanna (Turar) i 2011. Cussen er og teiknar, og ho har i ei årrekkje vore blant dei som har produsert illustrasjonar til den årvisse kalenderutgjevinga frå forlaget Coisceim.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Sjå utvalde Cussen-skulpturar til sals på Artnet Auctions på http://www.artnet.com/artists/cliodhna-cussen/ Henta 17. august 2019.
  2. Om Kíla, sjå artikkel i engelskspråkleg Wikipedia - https://en.wikipedia.org/wiki/K%C3%ADla Lese 17. august 2019.
  3. Sjå fjernsynsprogram om kulturfamilien Ó Snodaigh frå fjernsynskanalen TG4 på Youtube, https://www.youtube.com/watch?v=SQYUSb27XqI (NB) Reklame ved filmstarten.
  4. Sjå bilete av denne skulpturen på http://www.dublincity.ie/image/libraries/vl013-long-stone Arkivert 2019-08-17 ved Wayback Machine. Henta 17. august 2019
  5. Sjå bilete av Cliodhna Cussen (frå 2015) og av bokomslaget på novella på https://tuairisc.ie/leirmheas-ar-an-eochair-le-cliodhna-cussen/ Henta 17. august 2019.