Sinn Féin, som på irsk betyr Vi sjølve, er eit all-irsk politisk parti. Det vert ofte beskrive som den politiske fløyen av den irske republikanske arméen (IRA).

Sinn Féin

LandIrland
Partileiar(ar)Ruairí Ó Brádaigh[1]
GrunnleggjararArthur Griffith
Grunnlagt28. november 1905[2]
HovudkvarterParnell Square
IdeologiIrsk republikanisme, republikanisme, venstrenasjonalisme, populistisk sosialisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstresida, sentrum-venstre

Partiet vart skipa i førstninga av 1900-talet, og arbeider for eit sameint Irland, det vil seie at Nord-Irland skal bli ein del av den irske republikken.

Sinn Féin er det største nasjonalistpartiet i Nord-Irland sidan valet i 2001, da det overtok denne posisjonen frå Social Democratic and Labour Party (SDLP). Sinn Féin har for tida fire representantar i det britiske parlamentet, men møter ikkje, fordi dei da måtte sverje truskap til den britiske monarken.

Sinn Féin har òg 14 medlemmer av den irske nasjonalforsamlinga i Dublin, og to representantar i EU-parlamentet, ein frå Nord-Irland og ein frå republikken Irland.

Den første leiaren i Sinn Féin var Arthur Griffith, men først da Eamon de Valera tok over leiarskapen i 1917 etter Påskeopprøret tok partiet til å spele rolla som viktig kraft i den nasjonale frigjeringskampen. Noverande partileiar er Gerry Adams (sidan 1983).

Kjelder endre

  1. «CAIN: People: Biographies of People Prominent During 'the Troubles' - O» (på engelsk). 5. desember 2002. Henta 22. desember 2015. «In January 1970 Ó Brádaigh became President of PSF (1970-83)» 
  2. https://www.lexico.com/definition/sinn_fein.

Bakgrunnsstoff endre

Politiske parti med røter frå Sinn Féin 1916-21