Coddle (tidvis også Dublin coddle) er ein irsk rett som tradisjonelt er blitt laga av restar, men typisk inneheld grove bitar av pølse, flesk og potet, med lauk, salt, pepar og urter, eventuelt også med tilsett bygg og øl. Namnet kjem frå verbet coddle, som tyder å småkoka på låg varme.[1]

Coddle og soda bread.

Retten blir laga ved braisering i krafta ein får ved å koka flesket og pølsenes. I nokre tradisjonelle oppskrifter tilset ein også litt guinness til gryta, men dette er uvanleg i moderne oppskriftsversjonar.[2] Ein koker retten i ei gryte med eit tettsitjande lok for å dampa ingrediensane som ikkje er dekte av krafta.[3] Dei einaste kryddera ein bruker er salt, pepar og tidivs også persille.

Retten er særleg knytt til den irske hovudstaden Dublin[3][1][4] og arbeidarklassen der.[5] Han blei ofte eten på torsdagar slik at ein kunne eta opp kjøtrestar før fredagsfasten.

Retten er nemnd i fleire verk om Dublin, mellom anna i James Joyce sine tekstar.[6] Han skal ha vore favorittretten til Seán O'Casey og Jonathan Swift,[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «A traditional Irish cold weather treat Dublin coddle recipe». Irishcentral.com. 24 April 2017. Henta 15. januar 2018. 
  2. 2,0 2,1 O'Connor, Derek (21. september 2008). «Food that Only The Irish Eat (Apparently)». Sunday Tribune (Sunday Tribune). Arkivert frå originalen 21. april 2009 – via Wayback machine. 
  3. 3,0 3,1 A Little Irish Cookbook. Appletree. 1986. ISBN 0-86281-166-X. 
  4. «From Bacon and Cabbage to Coddle: What is Ireland's national dish?». Independent.ie. Henta 15. januar 2018. 
  5. McMahon, Sean; Jo O'Donoghue, red. (2006). «Coddle». Brewer's Dictionary of Irish Phrase & Fable. Chambers Harrap Publishers. 
  6. Veronica Jane O'Mara & Fionnuala O'Reilly. (1993). A Trifle, a Coddle, a Fry: An Irish Literary Cookbook. Wakefield: Moyer Bell. ISBN 1-55921-081-8.