James Joyce
James Augustine Aloysius Joyce (2. februar 1882–13. januar 1941) var ein irsk forfattar, mest kjend for romanen Ulysses frå 1922. Joyce vert rekna mellom dei største irske forfattarane, og for å ha hatt stor kulturell påverknad på 1900-talet. Attåt Ulysses er den innvikla romanen Finnegan's Wake (1939), novellesamlinga Dubliners (1914) og den halv-sjølvbiografiske romanen A Portrait of the Artist as a Young Man (1916) mellom dei mest røynde verka hans Joyce.
James Joyce | |
Fotografi av James Joyce frå rundt 191 | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 2. februar 1882 Rathgar |
Død |
13. januar 1941 (58 år) |
Yrke | lyrikar, romanforfattar, lærar, forfattar, skribent, journalist, litteraturkritikar, prosaforfatter |
Språk | engelsk |
Høgd | 71 tomme |
Sjanger | skjønnlitteratur, dikt, psykologisk fiksjon, danningsroman |
Religion | katolisisme |
Far | John Stanislaus Joyce |
Ektefelle | Nora Barnacle |
Born | Lucia Joyce, Giorgio Joyce |
James Joyce på Commons |
James Joyce levde mesteparten av livet sitt utanfor Irland, men alle hans verk er djupt knytte til heimbyen hans, Dublin, og alle finn dei stad der. Mellom anna vert det ugreie tilhøvet hans til den irske katolske kyrkja spegla hjå romanfiguren Stephen Dedalus, som på mange vis er ein delvis sjølvbiografisk figur.
Liv og verk
endreTidleg liv
endreJames Joyce vart fødd som James Augustine Aloysius Joyce, i ein katolsk familie i Rathgar, ein forstad av Dublin. Han var eldste av 10 born som voks opp—to av syskena hans døydde av tyfus. Både faren og godfaren hadde gifte seg inn i velståande familiar. I 1887 vart faren John Stanislaus Joyce utnemnd til skatteoppkrevjar, og familien flytte til den fasjonable småbyen Bray, 19 km frå Dublin. Kring denne tida vart Joyce åteken av ein hund, og leid heile livet av hundefobi.
I 1891 skreiv Joyce eit dikt, «Et Tu Healy» om døden hans Charles Stewart Parnell. Faren, som var opprørt over handsaminga Parnell fekk av den katolske kyrkja og at Irland ikkje fekk sjølvstende, fekk diktet prenta opp og sende jamvel ein kopi til Vatikanbiblioteket. Same året vart John Joyce skriven opp i Stubbs Gazette, ei offisiell liste over konkursar, og suspendert frå arbeidet. Året etter vart han sagd opp med pensjon. Familien vart etter dette fattigare, mykje grunna John sine drikkevanar og han skøytte økonomien sin dårleg.
James Joyce fekk opplæring frå 1888 hjå Jesuittordenen ved Clongowes Wood College, ein internatskule i County Kildare, men laut slutta i 1892, då familien ikkje lenger hadde råd. I 1893 fekk Joyce plass på Belvedere College, ein jesuittskule i Dublin, delvis av di det var von om at han skulle verta med i ordenen. Joyce forkasta katolisismen som sekstenåring, jamvel om filosofien hans Thomas Aquinas hadde stor påverknad på han heile livet.
Joyce matrikulerte seg ved det nyopna University College Dublin i 1898. Han studerte engelsk, fransk og italiensk. På denne tida vart han aktiv i teater- og litteraturkrinsar i byen. Han skreiv ein kritikk av Ibsens verk. Artikkelen vart gjeven ut i 1900, og var det fyrste Joyce skreiv som vart gjeve ut. Ibsen skreiv eit takkebrev til Joyce etter utgjevinga av artikkelen. Joyce skreiv ei rad andre artiklar og i minsto to skodespel på denne tida. Både skodespela har sidan vorte tapte. Joyce var aktivt medlem av The Literary and Historical Society, University College Dublin. Mange av universitetsvenene hans Joyce danna grunnlaget for figurar i romanane hans.
Joyce fullførte studiane i 1903 og drog til Paris. Han sa han skulle studera medisin, men i røynda gjorde han ikkje det, men brukte opp ein del pengar, trass i familiens dårlege økonomiske stode. Då mora nokre månader seinare fekk ein kreftdiagnose vende Joyce attende til Irland. Mora lika dårleg at sonen ikkje var særleg religiøs, og freista utan heppe å få han til å skrifte og ta nattverd. Ho fall i koma og døydde 13. august. I likskap med den ofte sjølvbiografiske figuren Stephen Dedalus i Ulysses (og andre verk), nekta Joyce å knela eller be ved sengekanten hennar. Etter at mora døydde byrja James Joyce å drikka att, og stoda for familien vart verre. Joyce skreiv bokmeldingar, underviste og song for å tena pengar. Han var ein dyktig tenor, og vann 3. plass i Feis Ceoil i 1904.
7. januar 1904 freista han få A Portrait of the Artist as a Young Man gjeve ut i tidsskriftet Dana, men fekk avslag. På sin tjueandre fødedag avgjorde han å endra historia til ein roman med namnet Stephen Hero. Romanen vart aldri gjeven ut under det namnet, men under det opphavlege namnet. Same året møtte han Nora Barnacle, ei ung kvinne frå Galway. 16. juni 1904 hadde dei sitt fyrste stemnemøte. Joyce heidra datoen ved å leggja handlinga i Ulysses til denne dagen.
Joyce vart att i Dublin ei stund, og heldt fram med tungt alkoholinntak. Etter ei fyllekule kom han i eit basketak og vart teke hand om av ein ven av faren, Alfred H. Hunter. Det gjekk rykte om at Hunter var jøde og at kona hans var utru. Hunter tente som ein av modellane for figuren Leopold Bloom i Ulysses. Joyce levde ei stund med medisinstudenten Oliver St. Johm Gogarty, som tente som grunnlag for figuren Buck Mulligan i Ulysses. Etter å ha budd hjå Gogarty (i eit tårn som det som er skildra i opninga av Ulysses) i seks netter kom han i krangel med Gogarty og forlét han. Han gjekk til fots attende til Dublin og budde hjå familien. Kort tid etter drog han og Nora til det kontinentale Europa.
Trieste og Zürich
endreJoyce og Nora drog i friviljug utlegd, og drog fyrst til Zürich, kor Joyce skulle ha fått ei stilling som engelsklærar ved Berlitz språkskule, som han skaffa seg gjennom eit engelsk firma. Det synte seg at stillinga ikkje var ledig, men han vart råda til å reisa til Trieste og freista ved Berlitzskulen der. I Trieste fann han heller ingen stilling, men direktøren for skulen der, Almidano Artifoni, hjelpte han skaffa ein post i Pula, då (som Trieste) ein del av Austerrike-Ungarn (no i Kroatia). Han heldt stillinga frå oktober 1904 til mars 1905, då Austerrike kasta ut alle utlendingar frå byen etter å ha oppdaga eit spionnetverk. Med hjelp av Artifoni flytta han attende til Trieste og underviste i engelsk der. Han vart i Trieste dei neste ti åra.
Seinare same året (1905) fekk Nora og James sitt fyrste barn, Giorgio. Joyce overtydde broren Stanislaus til å koma til Trieste, og sikra han ein lærarstilling med. Grunne han gav var at han ynskte å ha selskap av broren, og at broren skulle få eit meir spanande liv enn det han hadde som sekretær i Dublin, men truleg vona han å auka inntekta til familien sin gjennom det broren tente. Stanislasu og James Joyce kom ikkje særleg godt overeins medan dei budde ilag, og dei krangla stendig om James og hans dårleg økonomiske kontroll og sterke drikkevanar.
Joyce slo seg ikkje til ro i Trieste, flytta til Roma mot slutten av 1906 etter å ha sikra seg ei stilling i ein bank der. Han mislika byen, og vende snart attende til Trieste. Dottera Lucia vart fødd den sumaren (1907].
Joyce vende attende til Dublin sumaren 1909 med Giorgio for å vitja faren og freista få novellesamlinga Dubliners gjeven ut. Han vitja òg familien til Nora i Galway (og møtte dei dermed for fyrste gong.) Då han vende attende til Trieste hadde han med systera Eva, for at ho skulle hjelpa Nora med borna. Han vende attende til Dublin etter berre ein månad heime i Trieste, denne gongen som representant for ei gruppe kinoeigarar som ynskte å setja opp kino i Dublin. Dette lukkast, men fall saman etter at Joyce atter drog. Januar 1910 kom han igjen til Trieste, denne gongen med systera Eileen. Eva fekk etter kvart sterk heimlengt og vende attende dit etter nokre år, medan Eileen budde på kontinentet resten av livet, og gifta seg med ein tsjekkisk bankfunksjonær.
Joyce var på ei stutt vitjing i Dublin sumaren 1912 for å halda fram med krangelen med utgjevaren sin, George Roberts, om Dubliners. Han hadde ikkje heppa med seg, og drog att. Trass innbjodingar frå faren og frå poeten William Butler Yeats vende han aldri meir attende til Irland.
Joyce prøvde seg på ymist for å skaffa pengar i denne tida, mellom anna tenkte han på byrja import av tweed til Trieste. Han tente i hovudsak pengar gjennom stillinga ved Berlitzskulen og frå privatundervising. Mange av venskapa han danna med privatelevane sine skulle syna seg å vera nyttige då han freista koma seg ut av Austerrike-Ungarn til Sveits i 1915.
Ein av elevane hans i Trieste var Ettore Schmitz, røynd under dekknamnet Italo Svevo. Dei møttest i 1907 og vart vener for livet. Scmitz hadde mellom anna jødiske forfedrar, og gav Joyce mykje av informasjonen om jødisk tru som er med i Ulysses. Schmitz var òg hovudinspirasjonen bak Leopold Bloom. Medan han budde i Trieste byrja Joyce å få problem med augo. Han sleit med dette heile livet, og fekk i overkant av eit dusin operasjonar i laupet av livet sitt.
For å sleppa unna problema med å vera britisk statsborgar i Austerrike-Ungarn under fyrste verdskrigen flytta han til Zürich. Der møtte han Frank Budgen, som skulle verta ein av hans viktigaste vener. Her introduserte Ezra Pound han for utgjevaren Harriet Shaw Weaver. Ho vart vernaren hans frametter, og sponsa han, slik at han skulle sleppa å undervisa og kunne via seg til skrivinga. Etter krigen vende han att til Trieste eit stutt bel, men fann at byen hadde endra seg. Tilhøvet hans til broren, som hadde sitte i ein austerriksk fangeleir store delar av krigen, var endå dårlegare enn før. Joyce fekk ein innbjoding til å vitja Ezra Pound i Paris ei veka, men vart buande i byen dei neste tjue åra.
Paris og Zürich
endreI denne perioden reiste Joyce mykje att og fram mellom Paris og Sveits for å få medisinsk handsaming for augo sine, og for Lucia, som skal ha vore schizofren. Lucia vart undersøkt av Carl Jung, som etter å ha lese Ulysses meinte at faren òg var schizofren. Han samanlikna stodene deira med to som søkk mot botnen av ei elv, men at dottera sokk medan faren staup. Lite er kjend om tilhøvet mellom Joyce og dottera, av di mykje korrespondanse mellom dei to vart brent av arvtakaren Stephen Joyce då Lucia døydde i 1982. Stephen Joyce har skrive at desse breva var frå Lucia til andre medlemmer av Joyce-familien og at alle dei brende breva vart skrivne etter at både James og Nora Joyce var daude, og at dei vart brende på oppmoding frå Samuel Beckett.
Medan Joyce budde i Paris vart han teken vare på av Maria og Eugene Jolas, og mottok økonomisk stønad frå Harriet Shaw Weaver. Det var dette som gjorde det mogleg for han å skriva Finnegans Wake, og utan hjelpa frå desse er det mogleg at boka aldri ville vore skriven. I eit no røynd tidsskrift, «transition», gav Jolas-paret ut delar av boka under tittelen Work in Progress. Joyce vende attende til Zürich i 1940, på flukt frå nazistane som hadde teke over Frankrike. 11. januar 1941 vart han handsama for eit sprokke magesår, og såg i førstninga ut til å koma seg, men fall i koma og døydde dagen etter. Han er gravlagd i Zürich. James og Nora hadde gifta seg i London i 1931, og ho levde ti år etter mannen. Både ho og sonen Giorgio (som døydde i 1976 er gravlagde saman med James. Ifylgje biografen Ellmann nekta Nora å ha katolsk gudsteneste i gravferda.
Hovudverk
endreDubliners
endreJoyce sine røynsler i Irland er eit viktig element i alle verka hans, og er scena for alle verka. Den tidlege novellesamlinga Dubliners er ei analyse av stagnasjon og mangel på endring i samfunnet i Dublin. Den siste og mest røynde novella i samlinga, The Dead, vart gjort til film i 1987, regi John Houston.
A Portrait of the Artist as a Young Man
endreA Portrait of the Artist as a Young Man byggjer på den tidlegare romanen Stephen Hero, som Joyce gav opp før han var ferdig. Joyce øydela delar av det opphavlege manuskriptet til Stephen Hero i ein krangel med Nora. Romanen handlar om utviklinga til ein kunstnar, og er ein halvt sjølvbiografisk roman som skildrar hovudpersonens gradvise oppvokster og oppvakning som individ. Hovudpersonen Stephen Dedalus er i stor grad bygt på Joyce sjølv. I denne boka ser ein Joyces fyrste bruk av somme teknikkar (mellom anna intern monolog) som han kom til å nytta i stor grad i seinare verk. I 1977 kom ein film av boka, regi Joseph Strick.
Exiles og dikt
endreJoyce var interessert i teater, men gav sjølv berre ut eit einaste skodespel, Exiles, som han skreiv under fyrste verdskrigen (frå 1914-1918). Skodespelet ser på tilhøvet mellom ein mann og kona hans, og har trekk frå både novella The Dead og romanen Ulysses, som Joyce byrja skriva på om lag same tid.
Han gav og ut fleire diktsamlingar. Den fyrste viktige samlinga hans er den satiriske samlinga The Holy Office (1904). Den fyrste lengre diktsamlinga hans er Kammermusikk (som tydde ljoden av urin i nattpotta, iflg. Joyce.) Ho er sett saman av 36 korte musikalske dikt. Verk frå denne samlinga kom med i ein antologi som Ezra Pound regierte. Pound ivra for verka hans Joyce og arbeidde for å skapa merksemd om dei.
Joyce gav ut nokre andre dikt, mellom anna «Gas From a Burner» (skrive i 1912 som eit åtak på forleggjaren George Roberts då han nekta å gjeva ut Dubliners), Pomes Penyeach (1927) og "Ecce Puer" (skrive i 1932 for å markera både at faren døydde og at den fyrste godsonen hans vart fødd.
Ulysses
endreJoyce tenkte på å ha med ei historie til i Dubliners i 1906. Ho skulle handla om ein jødisk reklamemann med namnet Leopold Bloom. Historia skulle heite Ulysses. Han skreiv ikkje historia då, men i 1914 byrja han skriva ein roman med same namn og grunnleggjande handling. Boka var ferdig oktober 1921. Etter tre månader med korrekturlesing var alt arbeid på boka ferdig, kort tid før fristen Joyce hadde sett seg sjølv, 40-årsdagen den 2. februar 1922.
Ezra Pound fekk boka gjeve ut som føljetong i bladet The Little Review frå 1918. Bladet vart redigert av Margaret Anderson og Jane Heap, med stønad frå John Quinn, ein advokat i New York som var interessert i eksperimentell samtidslitteratur og -kunst. Bladet fekk ikkje gjeva ut føljetongane i USA grunna sensurlovverket, og føljetongane slutta i 1920 då utgjevarane vart dømde for å gjeva ut obskøne verk. Boka var forbode i USA fram til 1933.
I minsto delvis på grunna av sensuren i USA hadde Joyce vanskar med å gjeve ut boka, men i 1922 vart ho gjeve ut av Sylvia Beach frå bokhandelen hennar, Shakespeare and Company i Paris. Boka kom ut på engelsk same året, gjeve ut av Harriet Shaw Weaver, men fekk vanskar med myndigheitene i USA. 500 eksemplar vart kverrsette og truleg øydelagde. Året etter gav John Rodker ut 500 eksemplar for å erstatta desse, men dei vart brende av det engelske tollvesenet i Folkestone. Som fylgje av forbodet kom det òg ut piratkopiar av boka, mellom anna frå forleggjaren Samuel Roth.
Året 1922] vart eit viktig år for engelskspråkleg modernisme. Både Ulysses og diktet Det golde landet av T. S. Eliot kom ut. Joyce nyttar ei lang rekkje litterære teknikkar i Ulysses for å skildra figurane. Handlinga i romanen finn stad på ein dag, 16. juni 1904 og er ein moderne versjon av Odysséen av Homer, sett i Dublin. Personane Odyssevs, Penelope og Telemachus opptrer i skapnad av Leopold Bloom, kona hans Molly Bloom og Stephen Dedalus, og står i skarp kontrast med dei greske motstykka sine. Boka utforskar ymse trekk ved kvardagslivet i Dublin, og framhevar særleg det vaneprega og traurige ved tilværet i byen, men skildrar byen svært nøye. Joyce sa sjølv at «Eg vil gjeva eit bilete av Dublin som er so fullstendig at om byen kvarv frå jordoverflata med eitt, so kunne ein byggja han opp heilt som han var utifrå boka mi.»1. For å få til slik nøyaktigheit nytta han 1904 utgåva av Thom's directory, ei liste over alle bygningane i byen og kven som eigde og/eller budde i dei. Han stilte òg ei bråte spørsmål til vener som budde der, og baud dei forklåre og skildra.
Boka er delt opp i 18 kapittel, som kvar tilsvarar om lag ein time av dagen. Fyrste kapittel tek til omkring 8 om morgonen, og siste sluttar om lag 2 natta etter. Kvart kapittel er skrive i ein eigen litterær stil, og svarer til ein særskild episode i Oddysséen, er knytt til ei særskild farge, kunstform eller vitskapsgrein, og til eit organ. Samanstillinga av alle desse aspekta og den formelle skjematiske strukturen i boka er eit av hennar største bidrag til utviklinga av modernistlitteraturen på 1900-talet. Boka har òg bidrege til denne sjangeren gjennom bruken av klassisk mytologi som handlingsrammeverk, og den mest nitidige skildringa av det ytre jamvel om storparten av handlinga er psykologisk og skjer i hovuda på figurane. Joyce meinte sjølv at boka kanskje var «oversystematisert» og fjerna dei opphavlege kapitteltitlane, som var teke frå episodar i Odysséen.
Det vart laga film av boka i 1967 med regi Joseph Strick, og i 2004 med regi Sean Walsh.
Finnegans Wake
endreEtter at Ulysses var ferdig var Joyce so utmødd at han ikkje skreiv noko på eit år. 10. mars 1923 fortalde han vernaren Harriet Weaver at «I går skreiv eg to sider - det fyrste eg har skrive sidan det siste Yes [siste ordet i boka] i Ulysses.» Dette vart byrjinga på det verket som fyrst vart kjend som Work in Progress, og seinare som Finnegans Wake.
Innan 1926 stod dei fyrste to delane av boka ferdige. Det året møtte han Jolasparet (sjå Liv og verk ovanfor), som tilbaud å gjeva ut boka som føljetong i tidsskriftet Transition. Dei neste åra arbeidde Joyce snøgt og mykje på boka, men på 1930-talet gjekk det trutt med skrivinga. Dette var skuldast mellom anna at faren døydde i 1931, at Joyce vart stendig meir uroleg for den mentale helsa til dottera Lucia, og at Joyce sjølv fekk ein del helseproblem, mellom anna aukande problem med synet. Mykje av arbeidet gjorde han no med skrivarhjelp frå unge ovundrarar, til dømes Samuel Beckett. I nokre år tenkte Joyce på å lata venen James Stephens skriva ferdig boka, av di Stephens vart fødd på same sjukehuset som Joyce, ei veka seinare, og hadde same namn (James) som Joyce og som alter-egoet hans (Stephen).
Boka fekk blanda mottak, mellom anna kritikk frå folk som hadde kytt av dei tidlegare verka, slik som Pound og broren hans Joyce, Stanislaus. Som svar til denne uvenlege mottakinga vart det skrive ei essaysamling av folk som stødde boka, med mellom anna Beckett og William Carlos Williams. Samlinga kom ut i 1929 med namnet Our Examination Round His Factification for Incamination of Work in Progress. På 47-årslaget hans Joyce, som vart heldt hjå Jolasparet, la han fram den endelege tittelen på verket, og Finnegans Wake vart gjeve ut som bok 4. mai 1939.
Joyce nytta ofte medviststraum, allusjonar og påslekta litterære verkemiddel, men i Finnegans Wake vart desse tøygde om lag so langt det gjekk. Finnegans Wake gjekk bort i frå vanleg tradisjon for handling og figurskildring, og er skrive i ein underleg stil som gjer utstrekt bruk av komplekse ordspel på fleire nivå. Denne teknikken liknar ein meir utvikla form av stilen som Lewis Carroll nytta i diktet «Jabberwocky». Jamvel om boka er særs vanskeleg å forstå sjølv på det grunnleggjande plan, er det semje om kven som er hovudpersonane og kva handlinga går ut på.
Mange av ordspela i boka er tverrspråklege, og gjer bruk av mange språk. Mellom rollene som Beckett og dei andre assistentane i arbeidet var å samla og samanstilla ord frå desse språka og skriva dei opp på kort, slik at Joyce kunne nytta dei. Ettersom synet til Joyce gradvis versna tok dei meir og meir over jobben med å skriva ned det Joyce dikterte.
Boka er sterkt påverka av Giambattista Vico sitt syn på verdshistoria, som har at historia er syklisk og går gjennom teokratiske, aristokratiske og demokratiske periodar om att og om att. Ogso teoriane hans Giordano Bruno spelar ei viktig rolle, i hovudsak i tilhøva mellom «figurane» i boka. Opninga og slutten på boka er døme på det sykliske historieaspektet. Boka opnar med orda «riverrun, past Eve and Adam's, from swerve of shore to bend of bay, brings us by a commodius vicus of recirculation back to Howth Castle and Environs.». Vicus er eit ordspel på Vico. Ho sluttar med orda «A way a lone a last a loved a long time the», som er byrjinga på setninga boka opnar med. Joyce sa sjølv at den ideelle lesar leid av «ideell svevnløyse»1, og at når han var ferdig med boka ville han bla om til fyrste side og byrja om att.
Ettermæle
endreVerka hans Joyce har vorte nøye studert av akademikarar på mange område. Han har hatt stor påverknad på veldig ulike forfattarar og teoretikarar, som Hugh MacDiarmid, Samuel Beckett, Jorge Luis Borges, Flann O'Brien, Mártín Ó Cadhain, Salman Rushdie, Robert Anton Wilson og Joseph Campbell.
Somme akademikarar, som Vladimir Nabokov har hatt blanda oppfatningar av verka hans, og har kytt av somt og kritisert anna. Nabokov meinte at Ulysses var eit stort verk, medan Finnegans Wake var forferdeleg (sjå Strong Opinions, The Annotated Lolita or Pale Fire for meir). Jorge Luis Borges delte same synet. I seinare tid har Joyces nytenking og ambisjon vorte mykje rost, mellom anna av Jacques Derrida.
Joyce påverka òg andre område enn litteraturen. Ein reknar ofte ordvendinga «Three Quarks for Muster Mark» i Finnegans Wake som opphavet til namnet kvark for ein type elementærpartiklar.
Joyce liv vert feira årleg den 16. juni («Bloomsday») i Dublin, og stendig fleire stader i verda.
Samla verk
endre- Stephen Hero (skriven 1904–6, gjeve ut i 1944)
- Kammermusikk (dikt 1907, opphavleg tittel Chamber Music, omsett til norsk av )
- Giacomo Joyce (dikt skrivne i 1907, gjeve ut i 1968)
- Dubliners (1914)
- A Portrait of the Artist as a Young Man (1916)
- Exiles (skodespel, 1918)
- Ulysses (1922)
- Pomes Penyeach (dikt 1927)
- Collected Poems(dikt i samling 1936)
- Finnegans Wake (1939)
- James Joyce’s Letters to Sylvia Beach, 1921-1940 (1987)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «James Joyce» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2008.
Fotnotar
endre1. Alle sitat her er omsette frå Wikipedia på engelsk