Coel Hen
Coel (gammalwalisisk Coil), også kalla Coel Hen (Coel den gamle) og King Cole, er ein viktig figur i walisisk litteratur og ein sogefigur frå britisk mellomalder. Tidleg walisisk tradisjon hadde ein Coel Hen, ein leiar kring 300-talet i romersk eller like etter romersk tid i Storbritannia som var opphav til fleire kongeslekter i Yr Hen Ogledd ('det gamle nord'), den brittonsk-talande delen av det som no er Nord-England og Sør-Skottland.
Coel Hen | |||
Framstilling av Coel frå 1400-talet i ein walisiskspråkleg versjon av Geoffrey of Monmouth sitt verk Historia Regum Britanniae | |||
Opptrer i | Historia Regum Britanniae | ||
---|---|---|---|
Land | Hen Ogledd | ||
Ektefelle | wife of Coel Hen | ||
Barn | Garbanion ap Coel Hen, Ceneus, Cwyllog, Gwenafwy, Peithien, Gwawl ferch Coel Hen, Helena av Konstantinopel |
Seinare mellomaldersoger fortel om ein Coel som ein meiner er avleidd frå Coel Hen. Han skal ha vore far til heilage Helena, og gjennom henne bestefaren til den romerske keisaren Konstantin den store.
Andre figurar med liknande namn kan forvekslast eller blandast med den walisiske Coel. Nokre meiner sogekongen «King Coel» er det historiske grunnlaget for den utbreidde barneregla «Old King Cole», men dette skal vera usannsynleg.[1]
Kjelder
endre- ↑ Opie and Opie, p. 6: "Because there is said to have been a Prince Cole in the third century A.D.... it does not follow that the song 'Old (or Good) King Cole' dates back to that period, even in the unlikely event of it referring to this chieftain."
- Denne artikkelen bygger på «Coel Hen» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2022.
Litteratur
endre- Bensusan-Butt, John (2009). Essex in the Age of Enlightenment. Lulu.com. ISBN 978-1445210544.
- Bromwich, Rachel (2006). Trioedd Ynys Prydein: The Triads of the Island of Britain. University of Wales Press. ISBN 0-7083-1386-8.
- Henry of Huntingdon (1996). Greenway, Diana, red. Historia Anglorum: The History of the English People. Oxford University Press. ISBN 0-19-822224-6.
- Harbus, Antonina (2002). Helena of Britain in Medieval Legend. D. S. Brewer. ISBN 0859916251.
- Koch, John T. (2006). Celtic Culture: A Historical Encyclopedia. ABC-CLIO. ISBN 1-85109-440-7.
- MacQuarrie, Alan (1993). «The Kings of Strathclyde : c.400 - 1018». I Grant, A.; Stringer, K. Medieval Scotland : Crown, Lordship and Community : essays presented to G.W.S.Barrow. Edinburgh University Press. s. 1–19. ISBN 9780748611102.
- Morris, John (1973). The Age of Arthur. Weidenfeld & Nicolson.
- Opie, I.; Opie, P. (1997). The Oxford Dictionary of Nursery Rhymes. Oxford University Press.
- Geoffrey of Monmouth (1966). Thorpe, Lewis, red. The History of the Kings of Britain. Penguin. ISBN 0-14-044170-0.