Nord-England (engelsk Northern England, North of England, North Country eller berre the North) er ein uformell region nord i England. Nord-England er ikkje ei administrativ eining, men ei fellesnemning for fylke nord for eit visst punkt, ofte rekna som elva Trent.[2] Nordgrensa er danna av Skottland. Det kan også definerast som området på kvar side av fjellkjeda Penninane midt i England, eller som det tradisjonelle utbreiingsområdet for nordengelske dialektar.

Fylke oi Nord-England slik regionen er definert av HM Revenue and Customs.[1]
Skilt på motorvegen A1 som viser til «The North».

Tre offisielle engelske regionar høyrer til Nord-England: North East, North West og Yorkshire and the Humber. Til saman har fylka som utgjer Nord-England eit folketal på rundt 14,5 millionar over eit område på 37 331 km². Dei største byane er Manchester, Liverpool, Leeds, Sheffield, Bradford, Newcastle upon Tyne, Huddersfield, Kingston upon Hull, Sunderland og Preston.

Historie endre

Nord-England er særleg kjend som området der den industrielle revolusjonen i Storbritannia skaut fart, og det var prega av rikdom under viktoriatida. Avviklinga av størsteparten av industrien på 1900-talet førte til stor økonomisk tilbakegang.

I oldtida var store delar av området kjend som Brigantia, heimlandet til brigantes-stammen og det største britonske kongedømet på øya Storbritannia. Etter den romerske erobringa av Britannia blei den nordlege byen York (Eboracum) hovudstad for provinsen. Angliske busetjarar skapte rika Bernicia og Deira som seinare blei til det mektige kongeriket Northumbria. Riket stod for ein kulturell, religiøs og vitskapleg gullalder med klosteret på Lindisfarne som hovudpunkt.[3] Vikingar frå Skandinavia og Irland tok seinare kontroll over mykje av området, som blei del av Danelagen med nært samband til Mann og øyane, Dublin og Noreg. Northumbria blei sameint med resten av England under Eadred rundt 952.

Etter den normanniske erobringa av England i 1066 blei store delar av området lagt øyde under herjinga av Nord-EnglandVilhelm erobraren ville kua heile landet. I seinmellomalderen og fram til 1641 blei Nord-England styrt av eit råd (Council of the North) underlagt monarken. Grenseområdet mot Skottland opplevde stadig strid fram til sameininga av Storbritannia i 1707.

Kjelder endre

  1. «HM Revenue & Customs Business Education & Support Teams - by area». HMRC.gov.uk.  Retrieved on 14 February 2013.
  2. «Entire Catchment Flood Modelling as a Planning Tool – River Trent Case Study». Glenelg Hopkins CMA. Arkivert frå originalen 14. september 2009. Henta 17. august 2013.  Retrieved on 23 February 2009.
  3. «Historical background to The Golden Age». Golden Age of Northumbria.  Retrieved on 23 February 2009.