Comet var ei norskprodusert motorsag med totakts gløderørsmotor, som er ein råoljemotor som er svært like glødehovudmotorar. Comet var konstruert av Rasmus Wiig frå Kongsberg[1].[2]. Den fyrste Comet-saga kom på marknaden i 1949 og hadde ein masse på berre 8,5 kg. Ho var difor så lett at ho kunne nyttast til kvisting. Produksjonen vart etter kvart flytta til Sverige.

Comet utstilt på Norsk skogmuseumElverum.

Råoljemotor endre

Grunnen til at Wiig nytta gløderørsmotorar var for å auka driftsikkerheita. Motoren hadde eit slagvolum på 49 cm³ og eit maksimumsturtal på 3000 o/min. Kompresjonsforholdet var 10:1, som er svært høgt for ein tennrøyrmotor. Drivstoffet vart sprøyta inn under høgt trykk gjennom ei dyse mot slutten av kompresonstakta. Innsprøytingsdysa forstøva drivstoffet og når det trefte gløderøyret fordampa det og tok til å brenna. Turtalet vart regulert ved å endra på drivstoffmengda som vart sprøyta inn. Før start vart sylindertoppen oppvarma, i rundt 20 sekund, av propangass som vart lagra i bøyla på saga. Bøyla inneheldt nok gass til 100 - 150 startar, og vart levert med ei reservegassflaske på 1 liter. Som andre råoljemotorar kunne motoren nytta ulike typar drivstoff, som parafin, dieselolje, bensin, osb. Motoren var ein totaktsmotor, men innsugning via veivhuset, så det var naudsynt å blanda olje i drivstoffet for å smøra motoren. Når ein nytta dieselolje vart det blanda inn 10% smøreolje, og når det vart nytta bensin var blandingstilhøvet så høgt som 14% [2]. Gløderøyrmotorar har noko ufullstendig forbrenning, så eksosen var nok ikkje så triveleg å pusta inn[3]. Bensindrivne motorsager hadde flottørforgassar rundt 1950, så det var naudsynt å vri, anten sverdet eller forgassaren, 90° når ein bytta mellom felling og kapping. Comet-saga hadde ikkje forgassar, og fungerte like godt i alle stillingar. Etter som saga ikkje hadde elektrisk tenning tålte ho funktigheit, og under demonstrasjonar vart ho ofte senka ned i vatn før ho vart starta.

Ikkje problemfri endre

Saga var driftsikker når ho vart nytta på rett måte, men når ho gjekk på tomgang vart tennrøyret avkjølt og motoren stogga[2], medan det under hard belastning kunne verta så varmt at metallet smelta[4]. I kaldt ver sokk trykket på propangassen i bøyla, slik at det kunne vera vanskeleg å varma sylindertoppen før start. Motoren hadde òg noko mindre effekt enn mange konkurerande sager. Desse problema førte til at saga fekk noko dårleg rykte, så salet gjekk treigare enn forventa. At skogbrukarane var ukjende med teknologien var truleg òg ein medverkande grunn til at dei var skeptiske.

Ulike produsentar og modellar endre

 
Bamse utstilt på Norsk skogmuseum på Elverum.

Dei fyrste sagene, kalla Comet A, vart produserte ved Den norske sagbladfabrikkLillestrøm, som Wiig hadde stifta. I 1949 tok det svenske føretaket AB Como, Mats & Tore Bjerke Co. til å produsera saga på lisens[4], med modelbetegnelsen B. Det vart utvikla ein litt kraftigar modell, modell S, som òg hadde automatisk kjedesmøring[5]. Men det gjekk framleis treigt med salet: i perioden 1950 til 1953 vart det ikkje produsert meir enn rundt 1000 sager av model B[1].

Wiig heldt fram med å vidareutvikla saga, og i 1953 hadde han ein ny modeel klar, kalla Bamse. Men heller ikkje den modellen førts til auka sal, og i 1954 selde han konstruksjonen til Johnsereds i Sverige[4], som produserte ulike utgåver fram til slutten av 1950-talet.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publishing, 2006
  2. 2,0 2,1 2,2 Sporrong, B., Från yxa till enmansmotorsåg - mekanisering i nordiska skogar 1850 till 1950, Habo, 2013.
  3. Comet norskprodusert dieseldrevet motorsag fra ca. 1950 (Comet Norwegian diesel powered chainsaw), YouTube (vitja 9/6-2011)
  4. 4,0 4,1 4,2 Vevstad, A., Motorsaga - fra tømmerfellingsmaskin til håndredskap, i (red.) Fossum, T., Årbok for Norsk skogbruksmuseum nr 9 1978 - 1981, Norsk skogbruksmuseum, 1981.
  5. Solem, Dieselsågar, Solem.se (vitja 7/6-2015).