Conwyelva (engelsk River Conwy, walisisk Afon Conwy, uttalt [ˈkɔnʊɨ]) er ei elv nord i Wales. Frå kjelda til utløpet i Conwy Bay er det 55 kilometer (34 mi). Nedslagsfeltet er 678 km².[1]

Conwyelva
elv
Land  Wales
Kart
Conwyelva
52°59′43″N 3°48′59″W / 52.995138888889°N 3.8163888888889°W / 52.995138888889; -3.8163888888889
Wikimedia Commons: River Conwy

Namnet «Conwy» er avleidd frå dei gamle walisiske orda cyn ('hovding') og gwy ('vatn'). Elva heitte opphavleg «Cynwy».[2][3][4][5] Ein tidlegare engelsk skrivemåte var «Conway».

Elva spring ut på Migneint-heia der fleire små bekkar renn inn i innsjøen Llyn Conwy. Utløpet dannar Conwyelva som hovudsakleg renn mot nord, med sideelver som Machno og Afon Lledr før ho når Betws-y-Coed, der også Llugwy renn inn i henne. Frå Betws-y-Coed fortset elva nordover gjennom Llanrwst, Trefriw (der Afon Crafnant renn saman med henne) og Dolgarrog (der Afon Porth-llwyd og Afon Ddu renn inn i henne) før ho når Conwybukta ved Conwy. Her ligg kaien Cei Cae Gwyn langs breidda hennar. Ved springflod når tidvasstraumen så langt som Tan-lan, nær Llanrwst.

Llyn Conwy er kjelda til Conwyelva
Conwyelva nær Dolgarrog

Ved munningen til Conwy der ho renn ut i Conwy Bay ligg byen Conwy med verdsarvstaden Conwy Castle og to kjende bruer. Ei av dei eldste hengebruene til Thomas Telford, Conwy Suspension Bridge, er no del av ein tursti for fotgjengarar, medan Robert Stephenson si smijernsbru Conwy Railway Bridge framleis fører hovudjarnbanelinja mellom Holyhead og London over seg. Det finst òg ei tredje, nyare bru for vegtraffik, og ein tunnel under estuaret for vegen A55.

Conwy ved Glan Conwy jernbanestasjon.

Sideelver til Conwy endre

Dette er ei liste over sideelvar med namn som renn ut i Conwy (og deira sideelver) frå kjelda til munningen:

  • River Machno ved Conwy Falls
  • Afon Lledr nær Betws-y-coed
  • River Llugwy ved Betws-y-coed
  • Afon Gallt y Gwg
  • Nant y Goron ved Llanrwst
  • Afon Crafnant & Fairy Falls ved Trefriw
    • River Geirionydd
  • Afon Ddu (1) ved Dolgarrog
  • Afon Porth-llwyd ved Dolgarrog
  • Afon Dulyn ved Tal-y-bont
  • Afon Hiraethlyn nær Tal-y-cafn
  • Afon Roe nær Llanbedr-y-Cennin
    • Afon Tafolog
  • Afon Gyffin ved Conwy

Kjelder endre

  1. «Conwy catchment data». UK Centre for Ecology & Hydrology. Henta 18. januar 2021. 
  2. Llandudno: its history and natural history, 1861, Richard Parry
  3. A guide through North Wales, 1860, William Cathrall & Andrew Crombie Ramsay
  4. Transactions, 1822, Cymmrodorion society
  5. The pedestrian's guide through North Wales, 1838, George John Bennett

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Conwyelva