Cornelius Bynkershoek
Cornelius van Bynkershoek (29. mai 1673–16. april 1743), moderne nederlandsk Bijnkershoek. var ein nederlandsk jurist og rettsteoretikar som bidrog til utviklinga av internasjonal juss i verk som De foro legatorum (1702); Observationes Juris Romani (1710), De Dominio Maris (1721) og Quaestiones Juris Publici (1737). Han var særleg viktig for utviklinga av havrett, der han hevda at kyststatar hadde rett på vassområda som låg ved kysten deira.
Cornelius Bynkershoek | |
Statsborgarskap | Dei sameinte Nederlanda |
Fødd | 29. mai 1673 Middelburg |
Død | |
Yrke | juridisk rådgjevar, magistrat |
Språk | latin |
Cornelius Bynkershoek på Commons |
Bynkershoek var fødd i Middelburg i den nederlandske provinsen Zeeland. Han studerte juss ved Universitetet i Franeker. Frå 1704 til 1724 var han dommar ved høgsteretten for Holland, Zeeland og Vest-Friesland, og deretter president for retten ut livet. Bynkershoek døydde i Haag, 69 år gammal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cornelis van Bijnkershoek» frå Wikipedia på nederlandsk, den 22. oktober 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Cornelius Bynkershoek» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2008.