Corona Schröter

tysk songar og skodespelar

Corona Elisabeth Wilhelmine Schröter (14. januar 175123. august 1802) var ein tysk komponist, sopransongar og skodespelar.

Corona Schröter

Fødd14. januar 1751
FødestadGuben
Død23. august 1802 (51 år)
DødsstadIlmenau
OpphavTyskland
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somskodespelar, songar, komponist, teaterskodespelar, låtskrivar
FarJohann Friedrich Schröter
Schröter og Goethe på scena som Iphigenie og Orest. Måleri av Georg Melchior Kraus (1737–1806).

Liv og virke endre

Corona Schröter var fødd i Guben i Markgrevskapet Niederlausitz. Far hennar var oboist i eit regimentorkester og gav borna sine grunnleggande musikkundervisning. Bror til Corona Johann Samuel (1752–1788) var pianist og komponist.

Familien flytta til Leipzig der Corona Schröter fekk songundervisning av Johann Adam Hiller. I Leipzig vart ho kjend med Johann Wolfgang von Goethe. Han vart inntatt i henne,[1] og etter at han flytta til Weimar, hjelpte han henne til post som hoffvokalist og kammersongar byen. I Weimar gjekk ho òg på den Goethe-støtta teikneskulen Fürstliche freie Zeichenschule. Corona Schröter var gåverik på mange område, også som skodespelar, og ho vart midtpunkt i Goethes Liebhabertheater der ho mellom anna var den første som gestalta Iphigenie i dramaet Iphigenie auf Tauris (1789).

Schröter tonesette Goethes syngespel Die Fischerin og spelte hovudrolla under uroppføringa i Tiefurt 1782.[2] Ho var den første som tonesette Goethes Erlkönig (1782). I 1786 gav ho ut ei samling på 25 lieder.

Frå 1788 trekte Schröter seg gradvis vekk frå hofflivet og i 1801 flytta ho og den mangeårige venninna Wilhelmine Probst til Ilmenau i Hertugdømet Sachsen-Weimar-Eisenach i dagens Thüringen. Eit år seinare døydde Schröter der av tuberkulose.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Corona Schröter, perlentaucher.de. Omtale av Peter Braun: Corona Schröter – Goethes heimliche Liebe. Artemis & Winkler, Düsseldorf 2004, ISBN 3-538-07191-8.
  2. Gabriele Busch-Salmen: Die Fischerin. I Gabriele Busch-Salmen, B. Jeßing (red.): Goethe Handbuch. J.B. Metzler, Stuttgart 2008, ISBN 978-3-476-01846-5, s. 293–315 (doi:10.1007/978-3-476-00032-3 20).

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Corona Schröter