Couesnon
Couesnon er ei elv i departementet Mayenne nordvest i Frankrike, som munnar ut like ved Mont Saint-Michel. Den nedste delen av elva dannar den historiske grensa mellom hertugdøma Normandie og Bretagne. Elva har gjennom tidene skifta mellom to elveleie nord og sør for Mont Saint-Michel, men har no til slutt lagt seg til det sørlege elveleiet, noko som har ført til uttrykket «Couesnon sin galskap plasserte Mont Saint-Michel i Normandie» («le couesnon en sa folie mit le Mont en Normandie»). Den administrative grensa i dag følgjer derimot ikkje elva og ligg seks kilometer lenger vest.
Couesnon | |||
elv | |||
Couesnon nær Pontorson, fører direkte mot Mont Saint-Michel, som ein kan sjå i bakgrunnen.
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 169 km² | ||
Lengd | 90 km | ||
Middelvassføring | 7,1 m³/s | ||
Couesnon 48°37′03″N 1°30′44″W / 48.6175°N 1.5122°W | |||
Wikimedia Commons: Couesnon |
Geografi
endreCouesnon, Sée og Sélune dannar eit komplistert vassystem i bukta til Mont Saint-Michel. Tidvatnet fører store mengder sediment med seg, som dannar store sanddyner i elva, som elvane igjen fører med seg tilbake til sjøen.
På 1900-talet vart Couesnon omgjort til ein kanal for å redusere erosjon av elvebreidda. I 1969 vart det bygd ei demning. Desse endringane av elva og vegen over til Mont Saint-Michel har ført til at det har bygd seg opp mykje gjørme ved munningen. Derfor har dei franske styresmaktene lagt fram planar om å byte ut vegen til øya med ei bru, og endre demninga slik at sedimenta igjen kan førast ut i sjøen.
Under springflo kan ein sjå ei tidvassbølgje oppover i elva.
Couesnon renn gjennom følgjande departement og byar:
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Couesnon» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2007.