Court Nunatak
Court Nunatak er ein nunatak i Antarktis som 3 nautiske mil lang og har ei høgd på 685 moh. Han ligg like aust for munningen av Meinardusbreen på vestsida av New Bedfordfjorden, på austkysten av Palmer Land. Nunataken vart oppdaga og fotografert frå lufta i desember 1940 av medlemmar frå East Base frå U.S. Antarctic Service (USAS). I 1947 vart han fotografert frå lufta av medlemmar frå Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla han frå bakken. Han vart namngjeven av FIDS etter Arnold Court, ein amerikansk meteorolog og medlem av West Base i USAS, 1939-41.[1]
Court Nunatak | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
• høgd | 685 moh. | ||
- koordinatar | 73°22′S 61°36′W / 73.367°S 61.600°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Court Nunatak 73°22′00″S 61°36′00″W / 73.3667°S 61.6°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Court Nunatak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Court Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).