Koronavirus
Systematikk
Rike: Orthornavirae
Rekkje: Pisuviricota
Klasse: Pisoniviricetes
Orden: Nidovirales
Familie: Coronaviridae
Underfamilie: Koronavirus Orthocoronavirinae

Koronavirus (lat. Orthocoronavirinae) er ei gruppe RNA-virus som kan valda sjukdom hjå fleire dyreartar, mellom anna menneske.

Virusa er klassifiserte i fire ætter (alfa-, beta-, gamma- og deltakoronavirus) og utgjer saman den eine underfamilien (Orthocoronavirinae) til virusfamilien Coronaviridae. Genomstorleiken til koronavirusa er den største av kjende RNA-virus. Koronavirusa har truleg eit sams opphav for om lag 10 000 år sidan og er i stor mon vaksne fram og spreidde frå flaggermyser (alfa- og betakoronavirus) og fuglar (gamma- og deltakoronavirus).

Hjå menneske er det sju kjende koronavirus som valdar sjukdom. Av desse gjev HCoV-229E, HCoV-NL63, HCoV-OC43 og HCoV-HKU1 mildare sjukdom og ligg nest etter rhinovirusa som årsak til krimsykje, medan SARS-CoV, MERS-CoV og SARS-CoV-2 (Wuhan-koronavirus, før 2019-nCoV) i somme høve gjev ålvorleg sjukdom, andenaud eller jamvel er daudelege.

Ordsoge

Virusgruppa tek namnet sitt frå solkoronaen, etter di det ytste laget liknar på denne om ein ser på virusa i mikroskop.

Sjå òg endre

Kjelder endre