Crystal Ball av Styx

Crystal Ball
Studioalbum av Styx
Språk engelsk
Utgjeve 1. oktober 1976
Innspelt 1976
Studio Paragon Recording Studios i Chicago
Sjanger
Lengd 34:45
Selskap A&M
Produsent Styx
Styx-kronologi 
Equinox
(1975)
Crystal Ball The Grand Illusion
(1977)


Singlar frå Crystal Ball
  1. «Mademoiselle»
    Utgjeve: 1976
  2. «Crystal Ball»
    Utgjeve: 1977
  3. «Jennifer»
    Utgjeve: 1977

Crystal Ball er det sjette studioalbumet til Styx, gjeve ut i 1976.

Albumet var det første dei spelte inn med den nye gitaristen Tommy Shaw. Sporet «Mademoiselle» var den første songen Tommy Shaw song på og vart ein topp 40 hit på den amerikanske singellista.

Tittelsporet vart fast på konsertane til bandet, og vart spelt på samtlege Styx-turnear som Shaw var med på.

Det klassiske stykket til Claude Debussy, «Clair de Lune» fungerte som intro til avslutningssporet på albumet, «Ballerina». Versjonen av «Clair de Lune» vert framført av DeYoung aleine på piano.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [1]
Rolling Stone(favorable) [2]
The Rolling Stone Album Guide     [3]

Daevid Jehnzen i AllMusic gav Crystal Ball tre og ei halv av fem stjerner. Han meinte det var betre enn det førre Styx-albumet, Equinox (1975), sjølv om det ikkje vart ein like stor suksess. Han sa òg at albumet syner «at Styx vert stadig flinkare til å skrive enkle, fengande pop-knaggar ut frå den bombastiske lyden deira.»[1] Alan Niester i Rolling Stone meinte at albumet var bra og skreiv at «sjølv om Styx høyrer heime i Chicago, har dei ein engelsk stil over seg». Han sa òg at instrumenteringa «alltid verka å vere på randen av å kome ut av kontroll, noko som gjer heile albumet spanande.»[2]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Put Me On»Dennis DeYoung, Tommy Shaw, James YoungYoung (vers), DeYoung (mellomspel etter gitarsolo)4:56
2.«Mademoiselle»DeYoung, ShawShaw3:57
3.«Jennifer»DeYoungDeYoung4:16
4.«Crystal Ball»ShawShaw4:32
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
5.«Shooz»Shaw, YoungShaw4:44
6.«This Old Man»DeYoungDeYoung5:11
7.«Clair de Lune / Ballerina»DeYoung, Shaw, Claude DebussyDeYoung7:09
Total lengd:34:45

Medverkande endre

Styx endre

Produksjon endre

  • Produsent: Styx
  • Lydteknikarar: Barry Mraz og Rob Kingsland

Salslister endre

AlbumBillboard (USA)

År Liste Plassering
1976 Pop Albums 66

Singlar – Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1976 «Mademoiselle» Pop Singles 36

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Jehnzen, Daevid. Crystal Ball av StyxAllmusic. Henta 3. juni 2020.
  2. 2,0 2,1 Niester, Alan (13. januar 1977). «Styx - Crystal Ball». Rolling Stone. Wenner Media. Arkivert frå originalen 7. mai 2016. Henta 4. juni 2020. 
  3. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.»