The Grand Illusion

The Grand Illusion
Studioalbum av Styx
Språk engelsk
Utgjeve 7. juli 1977
Innspelt 1977
Studio Paragon Recording Studios i Chicago
Sjanger
Lengd 38:59
Selskap A&M
Produsent Styx
Styx-kronologi 
Crystal Ball
(1976)
The Grand Illusion Pieces of Eight
(1978)


Singlar frå The Grand Illusion
  1. «Come Sail Away»
    Utgjeve: 1977
  2. «Fooling Yourself (The Angry Young Man)»
    Utgjeve: 1978

The Grand Illusion er det sjuande studioalbumet til Styx. Plata vart spelt inn i Paragon Recording Studios i Chicago, og kom ut 7. juli 1977 og selte over tre millionar eksemplar i USA. Albumet vart gjennombrotet til bandet og inneheldt hitsinglane «Come Sail Away» and «Fooling Yourself

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
The Daily Vault(B-) (1998)[2]
B (2006)[3]
Rolling Stone(positiv)[4]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 stars[5]

Bakgrunn og songar endre

Som med mykje av katalogen til Styx, har mange av songane dels mellomalderske og fantasy-tekstar og tema. Somme er allegoriar og kommentarar om det moderne livet i Amerika og erfaringane til medlemmane i eit amerikansk rockeband i siste halvdel av 1970-åra, som «Castle Walls», «Superstars», «Miss America» og tittelsporet.

Songen «Man in the Wilderness» var skriven av Tommy Shaw etter han hadde sett Kansas spele i Detroit, der dei hadde vore oppvarmingsband. Han sa: «Det var episk! I motsetnad til andre presentasjonar av rockemusikk eg hadde sett. Å gå ut så stort opna alle slags idear i hovudet mitt, og neste gongen eg var aleine med den akustiske gitaren min, berre fall denne songen meir eller mindre ut av seg sjølv.».[6]

«Come Sail Away» nyttar segling som ein metafor for å oppnå draumane sine og lengselen etter å segle bort.[7] DeYoung avslørte i In the Studio with Redbeard (som omhandla innspelinga av The Grand Illusion), om at han var deprimert då han skreiv songen etter at dei første to Styx-albuma på A&M, Equinox og Crystal Ball, selde langt mindre enn venta etter suksessen dei hadde hatt med singelen «Lady».

«Fooling Yourself (The Angry Young Man)» var skriven av Shaw. Songen var opphavleg basert på korleis Shaw såg på DeYoung som ein «sint, ung mann» som såg på suksessen til gruppa med eit skeptisk auge som vart sint eller deprimert med kvart tilbakeslag.

Avslutningssporet «The Grand Finale» kombinerer tema frå dei andre songane på albumet.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«The Grand Illusion»DeYoungDeYoung4:36
2.«Fooling Yourself (The Angry Young Man)»ShawShaw5:29
3.«Superstars»DeYoung, Shaw, YoungShaw, DeYoung (Spoken Part)3:59
4.«Come Sail Away»DeYoungDeYoung6:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
5.«Miss America»YoungYoung5:02
6.«Man in the Wilderness»ShawShaw5:51
7.«Castle Walls»DeYoungDeYoung5:59
8.«The Grand Finale»DeYoung, Young, ShawDeYoung1:57

Medverkande endre

Styx endre

Produksjon endre

Salslister endre

Album endre

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard 200 6

Singlar endre

Tittel Liste (1977) Plassering
«Come Sail Away» U.S. Billboard Hot 100 8
«Fooling Yourself (The Angry Young Man)» 29

Kjelder endre

  1. DeGagne, Mike. The Grand IllusionAllmusic. Henta 3. juni 2020.
  2. Christopher Thelen (8. august 1998). «The Daily Vault Music Review: Styx - The Grand Illusion (1977)». The Daily Vault. Henta 5. juni 2020. 
  3. Melanie Love (13. juni 2006). «The Daily Vault Music Review: Styx - The Grand Illusion (1977)». The Daily Vault. Henta 5. juni 2020. 
  4. Joe Fernbacher (3. november 1977). «Rolling Stone Music Reviews: Styx - The Grand Illusion». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. februar 2017. Henta 5. juni 2020. 
  5. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.» 
  6. Fox, Doug. «Styx: Welcome to «The Grand Illusion/Pieces of Eight» show». Daily Herald (på engelsk). Arkivert frå originalen 3. juni 2020. Henta 5. juni 2020. 
  7. Mitchell, Jay. «Behind The Song Come Sail Away». Behind The Song.