Equinox
Studioalbum av Styx
Språk engelsk
Utgjeve 1. desember 1975
Innspelt 1975
Studio Paragon Recording Studios, Chicago
Sjanger
Lengd 34:32
Selskap A&M
Produsent Styx
Styx-kronologi 
Man of Miracles
(1974)
Equinox Crystal Ball
(1976)


Singlar frå Equinox
  1. «Light Up»
    Utgjeve: 1975
  2. «Lorelei»
    Utgjeve: Mars 1976

Equinox er det femte studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Styx, gjeve ut i desember 1975.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[1]
The Daily VaultB[2]
The Rolling Stone Album Guide1/5 stars[3]

Albumet var den første utgjevinga deira for A&M Records og det siste albumet med den originale Styx-gitaristen John Curulewski, som slutta i bandet[4] for å vere meir med familien. Han slutta like etter innspelinga var over og bandet fekk kort tid på seg til å finne ein erstattar til den påfølgjande turneen. Kort tid etter var Tommy Shaw komen inn i bandet.

Equinox nådde 58. plassen på albumlista i USA, men selte til gullplate i 1977, kort tid før utgjevinga av The Grand Illusion (1977) og selte 350 000 eksemplar då det først kom ut.

Songar endre

Den største hitten på albumet var songen «Lorelei», som vart den andre singelen til Styx som nådde topp 30 i USA.

Opningssporet «Light Up» hyllar marihuanarøyking.

«Mother Dear» er sungen av Curulewski (versa) og DeYoung (refrenga), og er ein progrock-song.

«Lonely Child» er ein melodisk powerballade med 12-strengsgitar.

Side 2 opnar med rockesongen «Midnight Ride», og er skriven i hardrockstil av Young. Det er den einaste songen han skreiv på albumet.

«Born for Adventure», handlar om legender som Robin Hood, og er den einaste songen skriven i lag av DeYoung, Young og Curulewski.

Den instrumentale «Prelude 12» på 12-strengsgitar, vart komponert av Curulewski. Han glir inn i den første kjende songen på albumet, «Suite Madame Blue», som vart skriven om 200-årsjubileet til USA, som då var like om hjørnet. Songen vart fast på alle Styx-turneane med Dennis DeYoung. Det er ein av få Styx-songar der fire medlemmar syng korvokal, inkludert Chuck Panozzo.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Light Up»DeYoungDeYoung4:17
2.«Lorelei»DeYoung, YoungDeYoung3:19
3.«Mother Dear»Curulewski, DeYoungCurulewski, DeYoung5:25
4.«Lonely Child»DeYoungDeYoung3:47
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Midnight Ride»YoungYoung4:17
2.«Born for Adventure»DeYoung, Curulewski, YoungDeYoung5:12
3.«Prelude 12»Curulewski(instrumental)1:21
4.«Suite Madame Blue»DeYoungDeYoung6:30

Medverkande endre

Styx endre

Produksjon endre

  • Produsent - Styx
  • Lydteknikar - Barry Mraz
  • Assisterande lydteknikar - Rob Kingsland
  • Remiksing - Barry Mraz, Styx
  • Mastering - Doug Sax
  • Produksjonsassistent - Barry Mraz
  • Design - Chuck Beeson, Junie Osaki
  • Kunstnarisk leiar - Roland Young
  • Fotografi - Chris Micoine

Salslister endre

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1976 Pop Albums 58

Singlar - Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1976 «Lorelei» Pop Singles 27

Kjelder endre

  1. «Equinox - Styx | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 
  2. Ray, Benjamin (17. mars 2005). «The Daily Vault Music Review: Styx - Equinox (1975)». The Daily Vault. Henta 9. februar 2013. 
  3. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.» 
  4. VH1's: Styx Behind The Music