Cupfinalen i fotball 1964/Menn

Cupfinalen i fotball 1964 var den 59. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 25. oktober 1964 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 24 665 tilskodarar. Rosenborg Ballklubb vann kongepokalen for andre gong, fire år etter den fyrste NM-triumfen. Andredivisjonslaget frå Trondheim slo Sarpsborg Fotballklubb 2–1. Johan Riseth frå Namsos Idrettslag var finaledommar.

Kampen

endre

I det 32. minuttet av kampen fanga Tor Kleveland eit «horribelt tilbakespill i Sarpe-forsvaret» og skåra. Elleve minutt ut i andre omgang tok Eldar Hansen seg ned til dødlinja, og sende ei kjapp pasning til Tore Pedersen som la på til 2–0 for Rosenborg. Martin Kjølholdt reduserte til 1–2 på straffespark i det 85. minutt, etter han sjølv hadde vorte felt. «Det ble ingen minneverdig finale... til tross for gode spilleforhold og vakkert men kjølig høstvær.»

Rosenborgs vinnarlag: Sverre Fornes, Knut Jensen, Kjell Hvidsand, Kåre Rønnes, Harald Gulbrandsen, Egil Nygaard, Tore Pedersen, Birger Thingstad, Tore Lindvåg, Eldar Hansen og Tor Kleveland.

Sarpsborg FK stilte med Kolbjørn Nilsen, Roger Nordahl, Rudolf Lunde, Jan Nilsen, Terje Andresen, Heine Magnussen, Leif Haugen, Harald Eriksen, Martin Kjølholdt, Harry Kure og Kai Kjønigsen.

Kjelder

endre