Harry Kure

norsk fotballspelar

Harry Kure (12. april 19288. september 2007) var ein norsk fotballspelar frå Fredrikstad som spelte 16 landskampar for Noreg i tida 1951-57 og skåra fem mål.

Harry Kure
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. april 1928
Fredrikstad
Død

8. september 2007 (79 år)
Sarpsborg kommune

Idrett fotball

Kure spelte fram til 1951 på Selbak, eit lag som deltok i Hovedserien frå 1949 til -51. Frå 1952 var han vanlegvis venstreving på Sarpsborg Fotballklubb til 1965-sesongen

Kure debuterte på landslaget i august 1951, men måtte vente til 19. mai 1954 før han fekk sin andre landskamp. Han skåra då sitt fyrste av fem landslagsmål, i ein kamp mot Skottland som enda 1-1. To veker seinare vart han matchvinnar då Noreg slo Danmark 2-1 i Malmö, i samband med at den svenske fotballforbundet vart 50 år. Målet kom i 1. ekstraomgang. Gjennom 1954- og 1955 hadde han fast plass på landslaget, medan det vart færre kampar i 1956 og -57. I hans 16. og siste kamp, borte mot Bulgaria i november 1957, tapte dei norske gjestene 0-7 i ein VM-kvalifiseringskamp.

Kure var spesialist på hjørnespark, og skal ha skåra minst åtte mål direkte frå hjørnet, mellom andre to i ein kamp mot Sandefjord Ballklubb. «Han hadde evnen til å gjøre noe som motstanderne ikke ventet, og han scoret mangt et mål nettopp fordi han var påpasselig og kvikk i oppfatningen, og rask til å gripe chansen når den bød seg», skriv Magnus Breili i Fotballboken.

Merittar endre

  • NM-sølv: 1964 med Sarpsborg FK

Kjelder endre