Cupfinalen i fotball 1987/Menn

Cupfinalen i fotball 1987 var den 82. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Bryne Fotballklubb vart noregsmeister då laget vann 1–0 over SK Brann frå Bergen. Finalekampen vart spelt 25. oktober 1987 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 23 080 tilskodarar. Kjell Nordby frå Rygge Idrettslag dømde kampen.

Kampen

endre

Bryne opna svakt, utan Brann klarte å omsette spele-overtaket i teljande mål. I den andre omgangen skaut Redouane Drici i stolpen i det 50. minutt, eit kvarter seinare skalla også Hugo Hansen ballen i ein stolpe. Etter to mållause omgangar vart finalen avgjort då trøndaren Kolbjørn Ekker i det 102. minutt sette ballen i mål frå ganske kort hald, etter eit hjørnespark.

Bryne sitt historiske lag bestod av Lars Gaute Bø, Kolbjørn Ekker, Bjørn Gulden, Leif Rune Salte, Roar Pedersen, Hugo Hansen, Tor Fosse, Paal Fjeldstad, Arne Larsen Økland, Børre Meinseth, Jan Madsen. Geir Giljarhus og Paul Folkvord kom i spel i ekstraomgangane, ut gjekk Gulden og Madsen.

Brann mønstra Bjarni Sigurdsson, Hans Brandtun, Per Egil Ahlsen, Jan Halvor Halvorsen, Redouane Drici, Erik Solér, Arne Møller, Lars Moldestad, Odd Johnsen, Halvor Storskogen, Trond Nordeide. Moldestad gjekk ut i den ordinære pausen, Knut Arild Løberg kom inn. Per Hilmar Nybø spelte ekstraomgangane i staden for Drici.

Kjelder

endre