Arequipa-regionen
Arequipa (spansk Región Arequipa, quechua Ariqipa suyu) er ein region i det sørlege Peru med ei lang kystlinje grense mot Stillehavet. Han har grenser mot Ica-regionen i nordvest, mot Ayacucho-regionen og Apurímac-regionen i nord, Cuzco-regionen og Puno-regionen i aust, og Moquegua-regionen i søraust. Folkesetnaden var 999 026 i 1996, arealet er 63 345 km². Hovudstaden er Arequipa.

Regionen er delt inn i 8 provinsar.
Provins (hovudstad)
Geografi Endra
Arequipa har eit variert landskap med ei mykje tørr kyststripe i sør og eit mektig fjellandskap i sentrale og nordre delar av regionen. Kystlandskapet er gjennomskore av dalar med elver frå Andes som syter for vasstilførsel til frodig jordbruksland i avgrensa område. Sideelver til Apurímac har opphav i fjella rett nord for den djupe Colcadalen i Caylloma-provinsen og er dei mest fjerne kjelda til Amazonas-floden. Her finst fleire aktive vulkanar, høgste vulkanen er Ampato på 6310 moh., ein annan mykje kjent og kjegleforma vulkan er Misti på 5821 moh. like ved byen Arequipa.