Madre de Dios-regionen
Madre de Dios-regionen (quechua Diyuspa Mama suyu) er ein region i søraustlege Peru. Han har grenser mot Ucayali-regionen i vest, mot Cuzco-regionen og Puno-regionen i sørvest og sør og mot Brasil og Bolivia i aust.

Madre de Dios-regionen dekker 85, 301 km² og har 92 024 innbyggjarar (2005). Regionhovudstaden er Puerto Maldonado. Regionen er territorium for 18 etniske grupper[1] av indianarar, mellom anna machiguengaer.
Geografi og klima Endra
Regionen ligg mest fullstendig i lågtliggande tropisk regnskog i Amazonas, vidkjent for det store mangfald i artar. Klimaet er varmt og fuktig, med eit gjennomsnitt på 26 °C, maksimum 34 °C og minimum 21 °C . Regntida varer frå desember til mars, då kan styrtregn få elvane til å svelle og får delar av elvebreidder til å bryte saman. Årleg nedbør kan vere så mykje som 3000 mm. Sørvestgrensa mot Cuzco-regionen er kjent under namnet Fitzcarrald, ei låg fjellrekkje som skil elva Madre de Dios frå Urubamba. Dei mest vektige bielvane i Madre de Dios-vassdraget er Inambari, Tambopata, Manú, Rio de Las Piedras (Tacuatimanu), Tahuamanu og Heath. Acre er sideelv til Purús, ho startar som grenseelv mellom Madre de Dios-regionen og Brasil og er dessutan vidare ei grenseelv mellom Brasil og Bolivia aust om Peru.
Kommunikasjonar Endra
Puerto Maldonado har lufthamn for rutegåande fly. Det finst ingen jernbanar i regionen. Einaste bilvegen til andre regionar som er verdt å nemne er vegen på 530 kilometer mellom Puerto Maldonado og Cuzco i Cuzco-regionen. Men vegen har så låg standard at flyruta mellom dei to byane er den mest vanlege og pålitande transportmåten. Andre vegar i regionen er ei 50 kilometer strekning mellom Puerto Maldonado og gruvebyen Laberinto, vegen mellom landsbyane Colorado ved Madre de Dios og Puerto Carlos ved Inambari og vegen mellom landsbyen Atalaya og Cuzco. Sistnemnte er totalt ca. 300 kilometer lang einfelts veg som er ubrukeleg i regntida.
Regionen har stort areal med spreidd busetnad slik at elvefara gjev beste transportvegar frå landsby til landsby. Menneskeleg aktivitet er med få unnatak lokalisert nær elvebreidder.
Naturressursar, miljø og næringsliv Endra
I regionen har ein registrert om lag 1230 artar av sommarfuglar, 160 artar pattedyr,[2] av dei er kjempeoteren trua og jaguaren nær trua. Meir enn 850 fugleartar,[3] kanskje over 1000[4] er registrert.
Tambopata-Candamo nasjonalpark, Manu nasjonalpark og Bahuaja Sonene naturreservat med fleire er oppretta for å verne miljøet i regionen.
Økonomien i regionen er heilt avhengig av naturprodukt og uttak av råvarer. I praksis føregår det mest ikkje fabrikkmessig produksjon eller foredling. Hovudprodukta frå jordbruket er bomull, kaffi, sukkerrøyr, kakaobønner, paranøtter og palmeolje.
(Foto: Roar Johansen)
Den andre store næringsvegen i regionen er gullgraving, hovudsakleg avgrensa av vasking ved elvebreiddene av Inambari og Madre de Dios. Slik verksemd vil vanlegvis nytte flytande kvikksølv for å trekke ut gullpartiklar frå elveslammet og kan dermed skade miljøet og innebere eit helseproblem for folkesetnaden. Gullgravarane rører ofte kvikksølvet med berre hender. Dei brenn kvikksølvet for å reinske gullpartiklane, når kvikksølvet er over i dampform vil det ureine økosystema.
I den søraustlege delen av regionen er det meste av arealet som ikkje er verna av dei tre nasjonalparkane lagt ut til petroleumsverksemd.[5] Andre miljøutfordringar i regionen er dei jordbruket skaper med fortrenging av naturleg skog, ulovleg selektiv skogshogst, spesielt etter mahogni, og ulovleg jakt på trua artar som til dømes kjempeoter, amazonskilpadde, kaiman og aper, og araer som kjæledyr.
Politisk inndeling Endra
Regionen er delt inn i 3 provinsar som igjen er delt inn i til saman 11 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:
- Manu (Manu)
- Tahuamanu (Iñapari)
- Tambopata (Puerto Maldonado)
Kjelder Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Madre de Dios Region frå Engelsk Wikipedia .
Andre kjelder:
- Manú National Park - UNESCO World Heritage Centre
- Project Las Piedras (2002 og 2003) Arkivert 2008-09-22 ved Wayback Machine.
Fotnotar Endra
- ↑ Om Madre de Dios på nettsida hos Project Las Piedras, arkivert frå originalen 9. juni 2008, henta 1. januar 2009
- ↑ Om Madre de Dios på nettsida hos Project Las Piedras, arkivert frå originalen 9. juni 2008, henta 1. januar 2009
- ↑ I kort skildring hos UNESCO World Heritage Centre reknar ein 850 artar i Manu nasjonalpark, i tillegg kjem fleire artar i austlege område av regionen
- ↑ Manu Wildlife Center har registrert over 1000 fugleartar
- ↑ Artikkel hos Environment News Service, 4.januar 2006