Cyrus Faryar
Cyrus Faryar (fødd 26. februar 1936) er ein USA-amerikansk visemusikar, låtskrivar og plateprodusent.
Cyrus Faryar | |||
| |||
Fødd | 26. februar 1936 (88 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Teheran | ||
Opphav | USA | ||
Plateselskap | Elektra Records | ||
Verka som | musikkprodusent, låtskrivar, songar-låtskrivar |
Han starta karrieren sin på kafear i Hawaii og flytta seinare til Sør-California, der han var aktiv i fleire grupper. Då Dave Guard slutta i The Kingston Trio spurte Guard Faryar om å bli med i den nye gruppa hans, The Whiskeyhill Singers. Etter The Whiskeyhill Singers vart oppløyst flytta Faryar til San Diego for å spele med andre visemusikarar. Han var så på Hawaii, der hna var med å skipe Modern Folk Quartet, og produserte to plater med sin eigen neo-folk-musikk.
Diskografi
endre- 1967: The Zodiac: Cosmic Sounds
- 1971: Cyrus
- 1973: Islands
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cyrus Faryar» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2020.