Cyrus Hall McCormick

Cyrus Hall McCormick (15. februar 180913. mai 1884) var ein USA-amerikansk oppfinnar, fødd i Blue Ridge Mountains i Virginia i USA. Han er kjend for å ha konstruert ein av dei fyrste brukbare sjølvavleggarane[1][2]. Far hans, Robert McCormick, hadde i fleire tiår freista å laga ei slik maskin, og då han gav opp i 1831 tok sonen Cyrus Hall over arbeidet og 10 år seinare kunne han demonstrera ei fungerande sjølvavleggar. Han fekk skarp konkurranse av Obed Hussey, som alt i 1935 hadde bygd ein fungerande sjølvavleggar.

Cyrus Hall McCormick

Fødd15. februar 1809
Beaupréau
Død13. mai 1884
Chicago
NasjonalitetUSA
Områdegründer
Yrkeoppfinnar, journalist, forretningsdrivande, fredsaktivist, gründer
EktefelleNancy Fowler McCormick
BarnHarold Fowler McCormick, Cyrus Hall McCormick II, Stanley Robert McCormick
MedlemDet franske vitskapsakademiet

I 1847 bygde McCormick ein fabrikk i Chicago, ei plassering som var gunstig på grunn av at byen ligg ved Michigansjøen, slik at maskinane kunne transporterast med dampskip. Transportmuligheitene var enda betra då Illinois-Michigan-kanalen opna i 1848. Det gjekk heller ikkje lenge før Chicago vart knytt til jarnbanenettet. Byen var slik eit knutepunkt mellom aust og vest, noko McCormick hadde stor nytte av.

McCormick Harvesting Machine Company, som føretaket heite, tok etter kvart til å produsera sjølvbindarar, slåmaskiner, høyvendarar, maishaustarar, horver, osb.[2]. I 1902 gjekk McCormick saman med Deering, og tre mindre føretak og stifta International Harvester[2], som vart eit av verds største produsentar av traktorar og jordbruksmaskinar.

Referansar endre

  1. G. Quick og W. Buchele, The grain harvesters, American Society of Agricultural Engineers, 1978
  2. 2,0 2,1 2,2 R. Baumheckel og K. Borghoff, International Harvester farm equipment - product history 1831-1985.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.