Ei horv (eller harv) er ein reiskap med tindar, piggar eller roterande skjerande skåler som vert dregen over den pløgde åkeren for å smuldre opp og jamne ut jorda og rive opp ugras før ny såing eller planting. Horva verte dregen av eit trekkdyr (hest), eller no som oftast av ein traktor, eller som ein reiskap montert bakpå ein traktor. Moderne horver vert laga i ulike utformingar til ulike bruksområde.

Nedhorving av kalk på nypløgd mark.

Horver med stive tindar endre

 
Rettindhorv.

Horver med stive tindar han ha rette tindar (rettindhorver) eller krokete tindar (kroktindhorver). Tindane er stutte og står tett, så dei arbeider ikkje så djupt. Dei vert ofte nytta i samband med korndyrking. På grunn av at tindane står tett dreg dei ofte med seg halm, kveke og anna ugras.

Stuttindhorver endre

Stuttindhorver har stutte stive tindar som vert heldt på plass av fjører slik at dei gir etter når dei treffer stein. Dei vert ofte nytta i samband med nydyrking og stubbhorving.

Horver med fjørande tindar endre

 
Kultivator (Kverneland).

Det finst fleire typar horver med fjørande tindar, som òg har større avstand enn på stivtindhorver. Dette gjer at dei ikkje dreg med seg så mykje halm og ugras som stivtindhorver.

Kultivatorar endre

Kultivatorar, òg kalla S-tindhorver, er konstruerte som ei stålramme med akslingar som tindane er festa på. Tindane er S-forma og fjørande. Kultivatorar har som oftast djupnehjul som regulerer arbeidsdjupna. Ved å vri akslane som tindane er festa på kan ein få dei til å søkja seg nedover. Kultivatorar arbeider etter måten djupt men på grunn av stor avstand mellom tindane knusar dei ikkje jorda like fint som stivtindhorver.

Kulturhorv endre

Kulturhorver er ein variant av kultivator med smalare og noko stivare tindar. Som kultivatorar er tindane festa på vribare akslingar opplagra i ei stålramme. Ved å vri akslane kan ein få tindane til å søkja seg nedover. Kulturhorver har djupnehjul som ofte er plasserte lang bak. Kor djupt framenden på horva går vert ofte justert med ein kjetting festa til traktoren. Kulturhorver er ofte utstyrt med svingbart feste slik at dei går fritt i sving.

Fjørhorver endre

 
Fjørhorv med sloddplanke attom.

Fjørhorver har G-forma tindar festa til dreibare akslingar som står i ei stålramme. Fjørhorver har stålmeiar og arbeidsdjupna vert justert ved å dreia akslingane som tindane er festa til. Fjørstivheita er etter måten lita, noko som gjer at tindane ikkje riv opp torv. Denne horvtypen høver difor godt på nypløgd eng. På tung jord høver dei derimot ikkje så godt.

Langfingerhorver endre

Langfingerhorver har lange fjørande tindar festa til ei stålramme som i sin tur er festa til trepunktsopphengettraktoren. Tindane trenger ikkje langt ned i jorda og denne typen vert ofte nytta for å øydelegga ugras.

Enghorver endre

 
Enghorn.

Enghorver vert nytta for å fjerna mose eller for å knusa naturgjødsel. Dei har ofte ein gitterstruktur.

Horver med roterande arbeidsorgan endre

Det finst fleire typar horver med roterande arbeidsorgan.

Skålhorver endre

 
Skålhorv.

Skålhorver har stålskåler festa på akslingar opplagra i ei stålramme. Det er ofte to rekkjer med skåler, der kvar rekkje har to skråstilte akslingar. Dei to akslingane i kvar rekkje er skrådd i kvar si retning for å unngå at horva vert pressa til den eine sida. Når horva vert trekt framover skjer skålene seg ned i jorda og veltar ho over på sida. Nokre skålhorver har takkute skåler.

For å få så stor arbeidsdjupn som mogeleg bør framkanten på skålene vera parallelle med køyreretninga. Denne vinkelen krev òg minst trekkraft. På stiv jord kan det vera vanskeleg å få skålene til å gå djupt nok og det kan vera naudsynt å plassera vekter på horva. Skålhorver fungerer best når farten er stor.

Knivhorver endre

 
Knivhorv.

Knivhorver, eller rullehorver, har to eller tre rekkjer med akslingar etter kvarandre med knivar. Når akslingane roterer skjer knivane sund torv og høver godt for horving av pløgd eng. Dei vert òg nytta til å blanda naturgjødsel med jorda. Knivhorver bør køyrast med etter måten stor fart (over 10 km/t).

Pigghorver endre

Pigghorver liknar mykje på knivhorver, men har roterande akslar med spisse piggar. Dei vert nytta for å knusa torv og bør køyrast med stor fart.

Jordfresar endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Jordfresar.

 
Jordfresar.

Jordfresarar har ein roterande aksling med L-forma knivar som vert driven frå kraftuttaket på traktoren. Fresen roterer med stor fart og er med på å trekkja traktoren framover. Jordfresarar vert nytta for å knusa torv og for å blanda naturgjødsel og/eller kalk med jorda. Dei vert òg nytta på myrjord. Små sjølvgåande jordfresarar, kalla motorhakker, vert ofte nytta i hagebruk og drivhus.

Rotortindehorver endre

 
Rotortindehorv.
 
Rotortindehorv med vertikale tindar.

Rotortindehorver liknar mykje på jordfresarar, men farten på rotoren er mindre og knivane er som oftast rette, eller utforma som tindar. Dei vert nytta til liknande oppgåver som jordfresarar, som å hakka opp torv og for å blanda naturgjødsel og kalk med jorda, men rotorhorver arbeider ikkje jorda like kraftig som jordfresarar. Nokre rotortindehorver har vertikale tindar som vert drivne rundt frå kraftuttaket på traktoren.

Horver med vibrerande tindar endre

Pendelhorver, òg kalla vibrasjonshorver eller skakhorver, har tindane festa til bjelkar som vert drivne att og fram på tvers av køyreretninga frå kraftuttaket på traktoren.

Kombihorver endre

Mange horver er sett saman av ulike seksjonar. Kultivatorar til dømes kam ha ein trommer i bakkant som knusar jordklumpar i det øvste jordlaget og jamnar overflata. Retterhorver kan vera stivtindhorber, langfingerhorver, valsar og ribbetromlar. Ein enkel slodd kan òg nyttast.

Kjelder endre

  • Bell, B., Farm machinery, Farming press, 4. utg., 1996.
  • Glemmestad, E., Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 1974.
  • Moberg, M.A., Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. skogs- och lantbruksakademien, 1989.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Horv