Dauding
Dauding kan visa til eit menneske som er dødt, eller i folketru og kultur til daude menneske som på ulike måtar går att, som gjenferd, deildegastar eller zombiar.[1] Omgrepet kan visa til den daude kroppen eller leivningane til eit menneske, eller den meir abstrakte ideen om ånda eller sjela til den daude.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/86/Briton_Rivi%C3%A8re_-_Requiescat_-_Google_Art_Project.jpg/220px-Briton_Rivi%C3%A8re_-_Requiescat_-_Google_Art_Project.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/24/Westerndorf_Friedhofskapelle_Wandgem%C3%A4lde.jpg/330px-Westerndorf_Friedhofskapelle_Wandgem%C3%A4lde.jpg)
Ulike kulturar har hatt ulike tradisjonar knytte til dei daude. I nokre jødiske, kristne og muslimske tradisjonar blir det sagt at dei døde skal oppstå ved dommedag for å bli dømde.[2] I europeisk mellomalder fanst det ein skikk med å framstilla ein dødsdans (fransk danse macabre), der både levande og døde tok del. Dei døde er ofte framstilte som beingrinder.[3]
I folketradisjonen finst det døme på at ein får hjelp frå dei daude, til dømes i det norske eventyret «Følgesvennen».[4]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «dauding» i Nynorskordboka.
- ↑ Leivestad, Ragnar; Vogt, Kari; Groth, Bente (5. juli 2019). «dommedag». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Tschudi-Madsen, Stephan (20. februar 2018). «dødsdans». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Asbjørnsen, Peter Christen; Moe, Jørgen (1841), «Følgesvennen (Norske Folkeeventyr)», runeberg.org (på norsk), henta 29. oktober 2019