Zombie
- «zombi» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå zombi (fleirtyding).
Zombi er i følgje afro-karibisk voodoo-kult ein «levande død», det vil seie ein død kropp som er gjenoppliva av ei overnaturleg kraft. Zombi-førestillinga kjem frå Haiti, der folketrua påstår at ein trollmann (bokor) kan gjere personar til viljelause reiskapar gjennom svart magi. I følgje enkelte forskarar skal offera ha vorte dømde hemmelege bonderåd og gjeve lammande gift. Dei dømde har dermed vorte feilaktig erklært døde og gravlagd, for så å verte grave opp att og utnytta som apatiske slavar. Mange tviler likevel på at desse sogene er sanne.
Zombi-førestillinga har inspirert fleire forfattarar og filmskaparar, og zombiar er skildra i mange skrekkfilmar, teikneseriar, dataspel og andre populærkulturelle sjangrar.
Ordet zombi skal kome frå nzambi, som på kikongo tyder «ånda til ein død person». På norsk kan ordet i overført tyding òg nyttast om ein sløv, robotaktig person eller om eit gjenferd.
Zombiar i film
endreI skrekkfilmar vert zombiar gjerne framstilt som halvråtne og kan mangle lemmer eller andre kroppsdelar. De flyttar seg stivt og hakkete, er apatiske, sløve og likegyldige utan annan vilje enn å drepe andre menneske. Dei opptrer ikkje sjeldan i flokk og kan «marsjere» i store mengder mot offera. I nyare filmar har zombiar vorte framstilt som raskarar og smartarar for å skape fart og spenning. Zombiar må ofte «drepast» (for godt) ved å stanse aktiviteten i hjernen eller forhindre hjernen frå å sende signal til kroppen. Ein vanleg metode for å få til dette i filma, bøker og spel er ofte å kutte av eller skyte dei i hovudet.
Det er laget mange zombifilmar gjennom filmhistoria. Her er eit lite utval:
- Night of the Living Dead (1968)
- Dawn of the Dead (1978)
- Day of the Dead (1984)
- Evil Dead trilogien (1981), (1987) og (1993)
- Shaun of the Dead (2004)
- Land of the Dead (2005)
- Diary of the Dead (2008)
- Død snø (2009), norsk zombifilm
Det er ikkje alltid zombifilmar berre dreiar seg skrekk. Personar som George Romero nyttar zombiane for å få fram ein metafor, for å vise den verkelege faren. Slik som i Night of the Living Dead, der zombiane mellom anna vert nytta for å vise kor dårleg menneske samarbeider i slike stunder.
Zombiar i data- og videospel
endreI spel som Resident Evil er det ein sjukdom som vekker dei døde eller snarare forvandlar levande menneske til zombiar. Også i TimeSplitters-trilogien medverkar zombiar aktivt. I dette spelet medverkar dei i mange forskjellige roller.
- Left 4 Dead (2008)
- Dead Rising (2006)
- DOOM-serien
- Eternal Darkness: Sanity's Requiem (2002)
- Resident Evil-serien
- TimeSplitters-serien
- Call of Duty 5 World At War
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zombie» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2009.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |