Helheim(en), helgard eller ganske enkelt hel er i norrøn mytologi eit dødsrike, heimen til gudinna Hel. Der herskar ho over dei daude som ikkje kjem til Åsgard. Dei som døyr i kamp, og ikkje på sotteseng, kjem til Valhall eller Folkvang hjå æsene.

Ei skjematisk framstilling av dei ni verdene i norrøn mytologi plasserer helheimen nedst.

Mytologisk geografi endre

Helheimen ligg i Nivlheim, under den tredje rota til verdstreet Yggdrasil. Nivlheim er ein kald stad og den nedste av alle verdene. Namnet Nivlheim tyder skoddeheimen eller tåkeheimen. I helheimen går dei daude kring som skuggar i skoddeheimen. Vegen til helheimen, helvegen (norrønt helvegr), går nord og ned og over Gjallarbrua.

Over Gjallarbrua kjem ein til jernskogane. Grantrea er endra til svarte metalltre, kvar ei nål er skarp som ein dolk. Etter kvart tek jernskogen slutt, og dei svarte trea i Nivlheim kjem att. Om ei stund kjem ein til byen Valgrind. Valgrind er byen til Hel, vakta av ulven Garm ved hola Gnipa.

Nåstrand, der draken Nidhogg gnagar på rota til Yggdrasil, skal grensa opp til eller vera ein del av helheimen. Nåstrand vert omtala som stranda åt dei daude. Helheimen ligg ved den kalde kjelda eller brunnen Kvergjelme. Elva Gjoll eller Gjall flyt frå Kvergjelme i fjella i Nivlheim og omkrinsar helheimen. Elva Gjoll skal det vera umogleg å kryssa ut av helheimen. Sjølv ikkje gudar kan koma seg ut av helheimen. Inngangen til helheimen er vakta av Garm, ein monsterliknande og stor hund. Modgud, tenestekvinna til Hel, står vakt ved Gjallarbrua. Brua er brulagd med gull og er den einaste vegen inn til helheimen. Vatnet i elva Gjoll er for ein stor del skum og virvelstraumar der det flyt bein. Dei som kjem ut i elva vert snøgt rivne sund mot botnen av elva.

Den gigantiske Ræsvelg («liketar») sit på enden av verda, og ser ut over helheimen. I form av ei ørn med flagrande venger får han vinden til å blåsa.

Opphav endre

Odin kasta Hel ned til Nivlheim, ettersom han var redd for kva Hel og brørne hennar kunne gjera mot æsene. Ho fekk herredømet der og bygde seg eit rike. Helheimen var ikkje eit helvete som ein vart send til som straff for vonde gjerningar, han minna meir om andre gamle europeiske dødsrike, til dømes det greske Hades. Snorre Sturlason seier i sine soger at alle som døyr av elde eller sjukdom hamnar hjå henne, men truleg kom alle som ikkje vart henta av valkyrjene til Åsgard dit. Balder, som vart skoten av ei pil under leik, hamna mellom anna hjå Hel.

Sjå òg endre