Daugavgrīva

(Omdirigert frå Dünamünde)

Daugavgrīva (tysk Dünamünde; polsk Dynemunt, russisk Усть-Двинск eller Ust`-Dvinsk) er eit nabolag nordvest i Riga i Latvia på venstrebreidda av Daugava. I dette nabolaget låg den svenske festninga som kontrollerte munningen til Daugava på venstrebreidda.

Kart over Riga med Daugavgrīva avmerkt.
Festningsport i Daugavgrīva.

Festning endre

På andre sida overfor Daugava, utanfor grensene til det noverande bydelen vart Daugavgrīva slott bygd i 1208 for å tene eit kloster som låg der. Den svenske festninga Dünamünde, teikna i nederlandsk stil av general Rothenburg i 1641, erstatta ruinane av Daugavgrīva slott i 1680.

 
Den svenske armeen bombarderer festninga i Dünamünde.

I 1695 var kommandanten kaptein Heinrich Nicolaus Rüdinger, forfaren til den framtidige patriark Aleksej II av Russland. Rüdinger vart slått til riddar av Karl XI av Sverige.[1]Joachim Cronman vart seinare kommandant og han døydde 5. mars 1703.[2]

Etter at festninga vart erobra av russarane, bygde dei festninga om. Regenten av Russland, Anna Leopoldovna, mannen hennar Anton Ulrik, og sonen hennar Ivan VI vart sperra inne i Dünamünde i 1742.

Dei russiske styresmaktene gav festninga namnet Ust-Dvinsk i 1893, og tillet berre russiske soldatar å bu der. Dei bygde om festningsverka før den første verdskrigen. Under krigen vart Ust-Dvinsk bombardert av Schütte-Lanz luftskip SL 7 frå den tyske armeen. Etter at festninga vart teken av Det tyske keisardømet, vart ho inspisert av keisar Vilhelm II i 1917. Dei latviske styresmaktene øydela det meste av festninga fleire år seinare. Under den kalde krigen var Ust-Dvinsk base for sovjetiske soldatar. Staden vert i dag kalla Daugavgrīva på latvisk. Det står eit fyr ved Daugavgrīva i dag, opphavleg bygd i 1818. Det vart bygd om i 1863, 1920 og etter den andre verdskrigen.

Kjelder endre

  1. Veedla, Aarne (04.02.2003). «Patriarhi suguvõsa saladused» (på estisk). ekspress.ee. Arkivert frå originalen 8. desember 2008. Henta 6. desember 2010. 
  2. Johan Gabriel Sparwenfeld (2002). J.G. Sparwenfeld's diary of a journey to Russia 1684-87. «Joakim Cronman (d. 1703), colonel with the garrison regiment of Narva 1679, colonel with the Savolaks and Nyslott provincial regiment 1683, commandant at Neumünde fortlet ...» 

Bakgrunnsstoff endre

57°02′42″N 24°02′21″E / 57.045119°N 24.0392876°E / 57.045119; 24.0392876