DS «Bjørgvin» (1839)

norsk hjuldampar frå 1830-åra

Måleri frå Dokken i Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Bjørgvin»
Eigar: Interessentskabet Bjørgvin
Verft: Ukjend verft i Storbritannia
Sjøsett: 1830-åra
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Forliste 1855
Generelle mål
Type: Hjuldampar
Installert effekt : 30 nHk
Framdrift: Segl med ei master.
Dampmaskin

DS «Bjørgvin» var ein norsk hjuldampar som gjekk i rute frå Lærdal til Stavanger via Bergen frå 1839.[1]

Historie endre

Hovudpostruta mellom Bergen og Oslo gjekk frå Bergen med seglbåt til Lærdal, og så over Filefjell til Oslo. I slutten av 1830-åra byrja ein derfor å undersøkje høvet til å få til dampskipfart mellom Lærdal og Bergen og Stavanger. På denne tida var det berre DS «Constitutionen» som to gonger om sommaren gjekk i rute mellom Oslo og Bergen.

Eit privat bergensselskap kjøpte ein dampbåt frå England som kom til Bergen i september 1839. Denne fekk namnet «Bjørgvin». For kvar tur fartøyet gjekk mellom Bergen og Stavanger, fekk selskapet 110 spesidalar i tilskot frå staten, men dei fekk ingenting for ruta til Lærdal. Då tilskotet seinare vart redusert til 150 spesidalar i året, måtte selskapet gje opp ruta i 1841.[1][2]

I 1844 vart «Bjørgvin» kjøpt av nye eigarar, Herman Bredal og Jørgen Brunchorst, og fartøyet byrja på ny å gå i ruta Bergen-Lærdal. Skipet gjekk i denne ruta til ho forliste ved Skjerjehamn i Gulen kommune i 1855. Natt til 24. november eller desember 1855 gjekk fartøyet på eit skjer. Fartøyet tok inn vatn, men alle om bord, kring 60-70 personar, post og ein del av lasta, vart frakta i land ved hjelp av skipsbåten før skipet glei av grunna og sokk.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Hermund Kleppa. «Fylkesbaatane - Rutetrafikk før 1858». Fylkesarkivet. Henta 23. april 2019. 
  2. Jørn Berthelsen (1975), Innenlands samferdsel i Norge 1814-1974 - Del 1 - Demring (1814 - 1850-tallet), Transportøkonomisk institutt - Norges Teknisk-Naturvitenskaplige Forskingsråd, s. 21, henta 23. april 2019 



Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: DS «Bjørgvin» (1839)