DS «Canis» (1911)

norsk dampskip frå 1911
Karriere  Noreg
Namn: DS «John Knudsen»
Eigar: John August Knudsen m.fl.
Verft: Stavanger Støberi & Dokk i Stavanger
Verftsnummer: 64
Jomfrutur: januar 1911
Heimehamn: Haugesund
Kjennemerke: MGJL
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 526 brt, 294 nrt
Daudvekt: 664 tdw.
Lengd: 167 fot (50,9 m)
Breidd: 26 fot (7,9 m)
Djupgang: 11 fot (3,4 m)
Installert effekt : 104 nHk, 550 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (SS&D)
Fart: 10 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Canis»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: januar 1915 for 177 948 kr[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Torpedert 1917

DS «John Knudsen» (kallesignal MGJL) var eit dampskip bygt i 1911 som lasteskip for John August Knudsen i Haugesund.

I januar 1915 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) som gav det namnet DS «Canis». I juli 1917 vart skipet torpedert og sokk.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Stavanger Støberi & Dokk og vart levert i januar 1911.[2]

BDS betalte 177 948 kroner for skipet i januar 1915[1]. 30. juli 1917 vart skipet torpedert og søkkt av den tyske ubåten «U 60», ført av kapteinløytnant Karl Georg Schuster. Dette skjedde 20 kvartmil vest av Holmengrå fyr på reise frå Tyne til Bergen med kol. Skipet hadde då eit mannskap på 15 og seks passasjerar. To personar ombord omkom.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 526 brt, 294 nrt og lasteevna var 664 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 881 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av SS&D. Oppgjeven yting var 550 iHk (indikerte hestekrefter) og 104 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Canis». Sjøhistorie.no. Henta 4. januar 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 4. januar 2020.