DS «Finmarken» (1864)

norsk dampskip frå 1864

DS «Finmarken» i Trondheim.
Karriere  Noreg
Namn: DS «Finmarken»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: M. Samuelsen & Co. i Hull
Byggekostnad: 54 000 spesidalar
Sjøsett: 1864
Jomfrutur: 1864
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JPGR
Lagnad: Forliste 1898
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 565 brt, 341 nrt
Lengd: 52,3 m
Breidd: 7,4 m
Djupgang: 6,1 m
Installert effekt : 80 NHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (Humber Iron Works)

DS «Finmarken» (kallesignal JPGR) var eit dampskip bygt i 1864 som passasjer- og frakteskip og var det femte skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Bakgrunn endre

I september 1859 avvikla Staten postruta si mellom Bergen og Trondheim, som vart overteken av BDS, og i 1865 fekk BDS og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab i lag kontrakten på postruta frå Bergen til Tromsø og Hammerfest. Fire år seinare vart òg ruta til Vardø overteken og i lag hadde dei to selskapa då ei samanhengande rute frå Oslo til Vardø.

Historie endre

Etter at kjøpmenn i Bergen hadde hatt ein svak periode i handelen i slutten av 1850-åra, vart det i starten av 1860-åra på ny interesse for å få i stand ei rute til Nord-Noreg. Leiande kjøpmenn i byen gjekk så i lag og skipa Det Nordlandske-Finmarkske Dampskibsselskab den 27. april 1863. Dei kontraherte eit skip frå M. Samuleson & Co frå Hull, men kontrakten vart overteken av BDS i desember 1863, og alt i mars 1864 gjekk det nye selskapet inn i Bergenske. Skipet vart levert til Bergen i juni 1864 og gjorde at Bergenske no stod sterkt rusta til å ta over postruta til Staten. Dette var staten på den sterke posisjonen selskapet skulle kome til å ha i mange år i farten til Nord-Noreg.

Skipet gjekk i ruta frå Oslo til Hammerfest og Vardø. I 1890 vart det gjennom ført reparasjonar med ny kjel, ny høgtrykkssylinder og eit nytt jernhus midtskips. I 1894 fekk skipet to nye dampspel og i 1896 ein ny donkeykjel på 80 pund.[1]

21. september 1898 grunnstøytte «Finmarken» på Fiskholmen ved Nord-Leksa i Trondheimsfjorden. Det vart berga i 1899 og slept til Bergen. Etter ei vurdering der i august 1899 vart skipet kondemnert.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «D/S Finmarken». Sjøhistorie.no. Henta 28. april 2019.