Dampkjele er ein behaldar med ein eldstad for å fordampa vatn. Medan dampmaskinar var i bruk vart dei fleste dampkjelane nytta for å generera damp drift til å driva desse. I dag vert dampkjelar nytta i kol- og kjernekraftverk, for å konvertera termisk energi til statisk energi i form av damptrykk.

Prinsippskisse av ein eldrøyrkjele.
Prinsippskisse av vassrøyrkjele.

Ulike typar endre

Eldrøyrkjelar endre

I eldrøyrkjelar vert røykgassen frå eldstaden ført gjennom røyr som er omslutta av vatnet i kjelen. Det var denne typen som vart nytta i damplokomotiv, i stasjonære dampmaskinar og lokomobilar. Eldre dampskip hadde òg kjelar av denne typen.

Vassrøyrkjelar endre

Vassrøyrkjelar har vassfylte røyr som går er omslutta av røykgassane frå eldstaden. Dette gjev snøggare fordamping og det er denne typen som vert nytta i moderne dampkjelar

Brensle endre

Fossilt brennstoff, som kol, trevirke, olje, torv og halm har vore nytta. I dag er kol, som vert nytta i kolkraftverk, det mest vanlege brenslet. Eit anna vanleg brensle er kjernefysisk drivstoff som uran og i mindre grad plutonium.

Sjå òg endre