DS «Hercules»

norsk dampskip frå 1909
DS Hercules (1909).jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Hercules»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Byggekostnad: 346 000 kr[1]
Verftsnummer: 156
Jomfrutur: April 1909
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MFPG
Lagnad: Torpedert 1917
Generelle mål
Tonnasje: 1 295 brt, 796 nrt
Daudvekt: 1 708 tdw.
Lengd: 71,1 m
Breidd: 10,4 m
Djupgang: 4,5 m
Installert effekt : 874 iHk, 159 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (BMV)
Fart: 12 knop
Passasjerar: 32 passasjerar

DS «Hercules» (kallesignal MFPG) var eit dampskip bygt i 1909 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

HistorieEndra

«Hercules» vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted og vart levert til BDS i april 1909 for ein pris på 346 000 kroner.[1]

I 1917 vart skipet rekvirert av britane under Shipping Controller og i fart for britane vart skipet den 30. desember 1917 torpedert av den tyske ubåten «UB 21», tre nautiske mil nordaust for Whitby i England. 12 personar ombord omkom.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 295 bruttoregistertonn og 796 nettoregistertonn og lasteevna var 1 708 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 301 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av BMV. Oppgjeven yting var 874 iHk (indikerte hestekrefter) og 159 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12 knop.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «D/S Hercules». Sjøhistorie.no. Henta 27. desember 2019.