DS «Vesleper»
«Vesleper» (1918–33) var ei ishavsskute kjend frå Norvegia-ekspedisjonane. Ho var som systerskipet «Veslekari» konstruert av Christian Jensen for Winge & Co. i Kristiania, og var i si den største ishavsskuta. Ho stod ferdig 27. februar 1919 ved Jacob M. Iversens verft i Son.[1] Ein 290 hk Compound dampmaskin vart montert i Skien, kjenneteiknet var K 6 K, endra til O 6 O i 1925. Den 114,3 fot lange og 285 brt tunge skuta hadde kosta 1,3 millionar kroner, men låg i nedgangstidene mest i ro ved Blomvåg.
16. mai 1927[2] vart skuta seld for 25 000 kroner til Bryde & Dahls Hvalfangerselskap i Sandefjord og omdøypt til «Norvegia». Ho vart brukt i dei fire Norvegia-ekspedisjonane til Antarktis for å finne kval og annektere Bouvetøya.
16. juni 1931 vart skuta seld til Elling Aarseth reiarlag i Ålesund og omdøypt til «Kvitøy» (M 3 VD). Med Isak Remø bak roret vart ho nedskrudd i Vestisen 19. mars 1933, og dei 25 ombord vart redda av «Quest».[3]
Mount Norvegia i Enderby Land er kalla opp etter båten.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «DS «Vesleper»» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Reidar Johansen. «Dampskipet Norvegia». Follo Avis.
- ↑ Oddvar Larsen og Ragnar Iversen. «1927 Norvegia» (på norsk). Sandefjord: Lardex Group.
- ↑ Magnus Sefland (2001). «Ishavsskuta "Norvegia"» (PDF). Isflaket. Ishavsmuseet Aarvaks venner.