Elling Aarseth

Norsk fiskebåtreiar

Elling Andreas Aarseth (fødd 25. mai 1897 på VartdalSunnmøre, død 4. mai 1976) var ein norsk fiskebåtreiar, skipsreiar, forretningsmann og organisasjonsleiar. Han tok tidleg til med forretningsverksemd. Han handla med skinn frå han var 15 år. Då faren døydde då han var 18 år, tok han over drifta av landhandelen han hadde starta. 19 år gamal vart han disponent i aksjeselskapet «Isflaamannen», som kjøpte selfangaren med same namn. I 1916 flytte han og til Ålesund. Der starta han firmaet Elling Aarseth & Co A/S. Elling Aarseth vart etter kvart medeigar i fleire fiskefartøy og selfangarar. Dei fleste av desse vart disponerte av familiereiarlaget på Vartdal, og registrerte der.

Elling Aarseth
Fødd 25. mai 1897
Død

4. mai 1976 (78 år)

Yrke forretningsdrivande

I Ålesund bygde Aarseth fryseri og to store forretningsbygg. Han dreiv sildeoljefabrikkar, kvalstasjon og fiskebruk i Nord-Noreg. Han dreiv og eksport av fiske- og selprodukt. Elling Aarseth var styreformann i fleire verksemder og organisasjonar. Han var mellom anna den første formannen i Islandsfiskernes Forening, som vart skipa i 1938.

Under andre verdskrigen var Elling Aarseth i fleire møte med Vidkun Quisling, som ville ha han til minister i eit påtenkt fiskeridepartement. Det ville ikkje Aarseth, og det vart ikkje noko fiskeridepartement før i 1946. Under rettsoppgjeret etter krigen fekk Elling Aarseth éit og éit halvt års fengsel, bot og inndraging, for byggeverksemd for tyskarane.

Kjelder endre

  • Ivar Grøvik: Vartdalssoga III 1986
  • Kari Shetelig Hovland: Norske islandsfiskere på havet Universitetsforlaget 1985
  • A. Løseth i Atle Døsseland og Arnljot Løseth: Havfiskefloten i Møre og Romsdal og Trøndelag Bind 1 Mot fjernare farvatn 1860 – 1960 Tapir akademisk forlag 2006