DS «Stord»
D/S «Stord 1» på veg til Bekkjarvik, våren 2016 Foto: Harald Sætre
| |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Stord» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab |
Verft: | Laxevaag Maskin- & Jernskibsbyggeri |
Verftsnummer: | 110 |
Sjøsett: | 1913 |
Teke ut av teneste: | 1969 |
Kjennemerke: | MJHS/LEYT |
Generelle mål | |
Type: | Lokalrutebåt |
Tonnasje: |
376 brt 192 nrt |
Lengd: | 144,5 fot (44,0 m) |
Breidd: | 23,8 fot (7,3 m) |
Djupgang: | 9,1 fot (2,8 m) |
Installert effekt : | 470 ihk |
Framdrift: | Trippel ekspansjonsmaskin (LM&JSB) |
Fart: | 11 |
Generelle mål etter forlenging i 1934 | |
Tonnasje: |
465 brt 267 nrt |
Lengd: | 155,8 fot (47,5 m) |
Breidd: | 23,8 fot (7,3 m) |
Djupgang: | 9,1 fot (2,8 m) |
Generelle mål etter ombygging i 1949 | |
Tonnasje: |
469 brt 256 nrt |
Installert effekt : | 1000 bhk |
Framdrift: | 2x 12 cyl. 4T EV dieselmotor (Davey, Paxman & Co. Ltd., Colchester, b.1945) |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «O. T. Moe» |
Eigar: |
Oslo Krets av Det Blå Kors, Oslo 1980: Norsk Veteranskipklubb i Oslo |
Overdratt: | 1969 |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Stord I» |
Eigar: | Foreningen Fjordabåten, Rommetveit/Bergen |
Overdratt: | 1984 |
Generelle mål etter ombygging i 1986 | |
Installert effekt : | 500 ihk |
Framdrift: | Trippel ekspansjonsmotor (Cammell Laird & Co. Ltd., b.1942) |
DS «Stord» er eit dampskip som vart bygd i 1913 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Skipet kosta den gongen 220 000 kroner. Etter ein periode med dieselmotor, vart det i 1980-åra igjen sett inn dampmotor og han vart restaurert som DS «Stord 1» til slik ho såg ut i 1931, men vart totalt utbrend i mai 1987. Skipet vart igjen restaurert av Veteranskipslaget Fjordabåten i Bergen og var ferdig restaurert i 2006. 22. oktober 2007 vart skipet overtført til Stiftelsen D/S Stord I i Bergen og er i dag i fart som veteranskip.
Historie
endreDS «Stord» vart bygd i 1913 ved Laxevaag Maskin- og Jernskibsbyggeri for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Skipet gjekk i rute i området mellom Bergen, Hardanger, Sunnhordland og Stavanger fram til 1969.
Då eksplosjonen i Vågen i Bergen skjedde den 20. april 1944, låg «Stord» ved Holbergskaien i lag med DS «Ullensvang» og DS «Aalvik». For å kome seg bort frå brannfaren som utvikla seg i bygningane ved kaien, tok førstestyrmann Fleten på «Stord» og kaptein Lund på «Ullensvang» skipa ut på fjorden med «Aalvik» på slep. Alle dei tre skipa (og mange andre) vart hardt skadde av eksplosjonen og måtte reparerast.
Frå 1947 til juli 1949 vart skipet ombygd ved Bergens Mekaniske Verksteder i Solheimsviken. Ho fekk ny skorstein og dieselmotor. Ho vart levert 13. juli 1949 og sett i ruta Bergen-Odda. 2. oktober 1962 kolliderte ho med Fred.Olsen sitt «Bravo» nær Knarrevik og fekk mindre skadar. Ho låg i opplag og vart i september 1969 seld til Blå Kors og nytta det som losjiskip i Oslo under namnet «O. T. Moe».
Veteranskipslaget Fjordabåten overtok skipet i 1981 og etter omfattande restaurering, der dieselmotorane vart skifta ut med dampmaskineri igjen, gjekk DS «Stord 1» sin andre jomfrutur i mai 1987. 20. mai 1987 braut det ut brann i maskinrommet i Langenuen og skipet vart totalskadd. Etter ein nye runde med omfattande restaurering gjekk skipet for eiga maskin igjen 6. august 2005. Det står framleis att omfattande arbeid med innreiing.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Veteranskipslaget Fjordabåten Arkivert 2006-02-20 ved Wayback Machine.