DS «Taurus» (1902)

norsk dampskip frå 1902
Karriere  Noreg
Namn: DS «Taurus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Campbeltown Shipbuilding, Campbeltown
Byggekostnad: 336 450 kr.[1]
Verftsnummer: 64
Jomfrutur: 1902
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JQCP
Lagnad: Torpedert i 1918
Generelle mål
Tonnasje: 1 239 brt, 738 nrt
Daudvekt: 1 940 tdw.
Lengd: 70,1 m
Breidd: 9,9 m
Djupgang: 4,5 m
Installert effekt : 700 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Hutson & Sons, Glasgow)
Fart: 10 knop

DS «Taurus» (kallesignal JQCP) var eit dampskip bygt i 1902 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab ved Campbeltown Shipbuilding i Campbeltown. Skipet vart levert i juli 1902.

BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Taurus er det latinske namnet på stjernebiletet Tyren.

Historie

endre

«Taurus» vart bygt for ein kostnad på kring 336 450 kroner.[1]

I januar 1916 kolliderte ho med SS «Kitty Wake» utanfor Eastham.

8. september 1918 vart «Taurus» torpedert og søkkt av den tyske ubåten UB 80 med kapteinløytnant Max Vieberg 1 kvartmil nord for Scarborough i England på reise til frå Rouen til Tyne i ballast. Seks personar omkom.

Skipet

endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 239 bruttoregistertonn og 738 nettoregistertonn og lasteevna var 1 940 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 2 563 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Hutson & Songs i Glasgow. Oppgjeven yting var 700 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 10 knop.

I 1914 fekk skipet ny donkeykjel.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «D/S Taurus». Sjøhistorie.no. Henta 19. mai 2019.