Deutsche Tourenwagen Masters

(Omdirigert frå DTM)

Deutsche Tourenwagen Masters eller DTM er ein bilsportserie med base i Tyskland, men som vert køyrd på baner over heile Europa. Ein nyttar standardbilar, bilar med karosseri som gatebilar, men tilpassa for billaup. Ein køyrer med Audi A4 og Mercedes C-klasse. Tidlegare satsa og Opel på DTM, men utan større framgang drog dei seg ut etter 2005 sesongen. Den store tyske bilprodusenten BMW satsar på WTCC og formel 1 istaden.

Logo
DTM billaup ved Hockenheimring i 2008.
Den danske føraren Tom Kristensen i ein Audi A4.
Tyske Bernd Schneider i Mercedes-Benz har vunne meisterskapen fire gonger

Historie endre

Deutsche Tourenwagen Masters har historie frå opprettinga av Deutsche Tourenwagen-Meisterschaft i 1984, der ein konkurrerte med FIA sine Gruppe A reglar. Reglane vart endra etterkvart for å tillate modifikasjonar.

Ved den første sesongen var det nær berre tyske førarar, men med 1985 sesongen kom utlendingane og svenske Per Stureson vann meisterskapen med sin Volvo 240 Turbo. I 1988 deltok fire bilprodusentar, BMW, Ford, Mercedes-Benz og Opel. Berre Ford køyrde med turbomotorar og Klaus Ludwig kunne ta meisterskapssigeren tilbake til tyskland igjen.

I 1993 forlet ein Gruppe A reglane til fordel for ein meir liberal 2.5 liters serie kalla Klasse 1 og det første DTMlaupet i Storbritannia vart arrangert. I 1995 vart DTM halde i Italia, Finland, Storbritannia, Portugal og Frankrike, i tillegg til dei tyske laupa.

Etter å ha utvida horisonten mot utlandet, gjorde ein forsøk på å bli eit internasjonalt meisterskap som skulle ha namnet International Touring-Car Championship, Forkorta ITC. Ein søkte FIA om støtte til den nye serien. I bytte skulle FIA få kontroll over korleis serien vart halden. Ei stor del av inntektene skulle gå til FIA, med det resultatet at deltakarlaga klaga over at dei fekk mindre for å investere i serien, medan reiseutgiftene vart større med dei internasjonale rundane. FIA auka prisen for fjernsynsrettande, noko som gjorde at DTM forsvann frå skjermane over nesten heile Europa.

Ein var heller ikkje heldig med valet av baner til å køyre på. Rundane ved Magny-Cours, Frankrike og spesielt Interlagos hadde for få tilskodarar. Bilfabrikantane stilte dessutan også spørsmål om kvifor dei køyrde i land der bilane deira ikkje vart selde. Til dømes vart ikkje Alfa Romeo seld i Brasil og Japan. Det siste gjaldt og for Opel. Begge bilfabrikantane trekte seg difor ut etter 1996 sesongen og med berre Mercedes attende, vart DTM-serien lagt på is.

DTM returnerte i 2000 med nye reglar og utan status som eit internasjonalt meisterskap. Initialane DTM står no for Deutsche Tourenwagen Masters. Dei fleste rundane går i Tyskland.

Vinnarar endre

Sesong 1. plass 2. plass 3. plass
2009   Timo Scheider
Audi A4
  Gary Pafett
Mercedes-Benz C-Class
  Paul di Resta
Mercedes-Benz C-Class
2008   Timo Scheider
Audi A4
  Paul di Resta
Mercedes-Benz C-Class
  Mattias Ekström
Audi A4
2007   Mattias Ekström
Audi A4
  Bruno Spengler
Mercedes-Benz C-Class
  Martin Tomczyk
Audi A4
2006   Bernd Schneider
Mercedes-Benz C-Class
  Bruno Spengler
Mercedes-Benz C-Class
  Tom Kristensen (1967- )
Audi A4
2005   Gary Paffett
Mercedes-Benz C-Class
  Mattias Ekström
Audi A4
  Tom Kristensen
Audi A4
2005   Mattias Ekström
Audi A4
  Gary Paffett
Mercedes-Benz C-klasse
  Christijan Albers
Mercedes-Benz C-klasse
2003   Bernd Schneider
Mercedes-Benz CLK
  Christijan Albers
Mercedes-Benz CLK
  Marcel Fässler
Mercedes-Benz CLK
2002   Laurent Aïello
Audi TT
  Bernd Schneider
Mercedes-Benz CLK
  Mattias Ekström
Audi TT
2001   Bernd Schneider
Mercedes-Benz CLK
  Uwe Alzen
Mercedes-Benz CLK
  Peter Dumbreck
Mercedes-Benz CLK
2000   Bernd Schneider
Mercedes-Benz CLK
  Manuel Reuter
Opel Astra
  Klaus Ludwig
Mercedes-Benz CLK

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: DTM