Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis

underart i planteriket
Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis


Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis
(Pugsley) P.D.Sell
Økologi
Habitat: kalkrik fuktig eng
Utbreiing: Irland

Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis er ei plantemarihandslekta Dactylorhizaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Systematikk

endre

Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis høyrer til kongsmarihand-gruppa D. majalis. Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[1]

I Irland har denne planta (engelsk namn Irish marsh orchid) vore klassifisert som arten Dactylorhiza occidentalis med varieteten D. o. var. kerryensis,[2] men no er alle forekomstane rekna som ein art, Dactylorhiza kerryensis, endemisk for Irland, der han er livskraftig (LC).[3]

Hybridar

endre

Det er registrert hybridar med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. occidentalis), skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. occidentalis) og flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. occidentalis).[2]

Referansar

endre
  1. Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  2. 2,0 2,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  3. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre